Før du startar behandling må du ta ei ny CT-undersøking eller ein PET-CT. Somme tek også MR-undersøking av hovudet. Du skal også ta nye blodprøver.
Immunterapi
Immunterapi påverkar immunsystemet til å angripe kreftcellene og er ein viktig del av behandlinga for fleire kreftformer.
Immunterapi ved kreftbehandling
Immunterapi verkar ved å aktivere pasienten sitt eige immunforsvar, noko som bidreg til at immunsystemet klarer å identifisere og angripe kreftceller. Dette fører til at veksten av kreftcellene blir bremsa eller stoppar opp.
Den vanlegaste typen immunterapi i kreftbehandling er «immun-sjekkpunkthemmere». Då blir «bremseklossane» i immunforsvaret fjerna og immunsystemet til pasienten blir aktivert til å angripe kreftcellene.
I dag er immunterapi godkjend som behandling ved ei rekkje kreftdiagnosar. Det er mest vanleg å gi immunterapi når kreftsjukdommen har spreidd seg eller han ikkje lèt seg operere bort. I tillegg blir også immunterapi gitt som tilleggsbehandling etter operasjon ved enkelte kreftformer for å redusere risikoen for tilbakefall.
Sjølv om behandling med immunterapi er godkjend for di kreftform, er det ikkje alle pasientar som har effekt av immunterapi. Til forskjell frå vanleg cellegift kan det i nokre tilfelle gå fleire månader før behandlinga har effekt.