Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Intravitreal injeksjon (IVI)

Intravitreal injeksjon (IVI) er ei sprøyte med ein liten dose legemiddel, som blir sett direkte i auget.

Hensikten med behandlinga er å bremse ytterlegare tap av det sentrale synet.

Injeksjonen verkar ved å stanse utviklinga av nye blodkar som veks bak netthinna. Dei fleste pasientar vil oppleve at synet held seg på same nivå. Nokre pasientar opplever å få betre syn etter behandlinga, hos nokre blir synet dårlegare likevel.



Før

Før injeksjonen vil du få lokalbedøvande augedropar.

Under

Først blir området rundt auget vaska med eit mildt desinfiserande middel for å førebyggje infeksjon.  Auget blir halde ope ved hjelp av ei augnelokksperre, og du får injeksjonen i den kvite delen av auget.
 
Dei fleste pasientar opplever dette problemfritt. Nokre pasientar kan føle eit lett trykk på auget når sprøyta blir sett.

Etter

Nokre opplever forbigåande svie. Du blir truleg raud i den kvite delen av auget, der injeksjonen blei sett. Mange opplever også at dei ser bevegelege partiklar eller «svarte flekkar» i synsfeltet. Dette er normalt, og symptoma vil vanlegvis bli borte i løpet av eit par dagar.

Det er viktig med god handhygiene og at du ikkje klør og gnir deg i auget i dagane etterpå.

Ver merksam

Opplever du aukande smerter eller ubehag, at du er hoven, aukande raudne, uklart syn, aukande lysfølsemd eller tørrleik i auget, må du kontakte oss så raskt som mogleg.



Sist faglig oppdatert 30.01.2026

Kontakt

Sjukehuset Nordmøre og Romsdal Hjelset Augepoliklinikk SNR

Kontakt Augepoliklinikk SNR

Oppmøtestad

2. etasje, fløy F (2F). 

Dronebilde av Sjukehuset Nordmøre og Romsdal, Hjelset. Eit sjukehus ved fjorden. Arbeid med uteområdet gjenstår.

Sjukehuset Nordmøre og Romsdal Hjelset

Opdølvegen 4

6450 Hjelset

Transport

Pasientreiser

Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon om pasientreiser finn du på helsenorge.no

Buss til sjukehuset

Det er busstopp like ved hovudingangen til sjukehuset.

FRAM i Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvaret for kollektivtilbudet i fylket. For å søke opp ruter på ein spesifikk trasé, sjå: https://frammr.no/

PDF-tabellane blir også oppdaterte ved endringar: https://frammr.no/reise/rutetabellar-og-linjekart/buss/

Fly

Molde lufthavn, Årø ligg om lag 16 km frå sjukehuset.

Kristiansund lufthavn, Kvernberget ligg om lag 48 km frå sjukehuset.

Parkering 

Det blir ca 1200 parkeringsplasser ved SNR Hjelset. Sjå eigen informasjon under Kart og parkering. 

 

Parkering

Vi har fått automatisk skiltgjenkjenning som registrerer deg når du kjem. Etter besøket kan du gå til betalingsautomat, registrere bilnummeret og betale for tida du har parkert.

Du kan også velje automatisk betaling via appen EasyPark. Les meir kameraparkering på EasyPark si nettside 

Diagram, kart
Du finn parkeringsområde nord (P3) og nordvest (P2) for sjukehuset. HC-parkering finn du også like ved hovudinngangen. Parkeringsområdet ved Hjelsetvegen (P12) er tilgjegeleg både for tilsette og besøkande.

Kart

For å finne fram på sjukehuset kan du bruke karttenesta Mazemap. Tenesta gir detaljert vegskildring til avdelingar, kafear, toalett og andre stader på sjukehuset. Du kan også bruke kartet heimafrå for å førebu deg til oppmøte.

Finn fram på sjukehuset med Mazemap

 

Etasjeoversikt SNR Hjelset

 

Praktisk informasjon

​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

Les om kva vi gjer for barn og ungdom som er pårørande

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på sjukehuset. Sjå etter HMNGuest på mobil eller datamaskin.

Gjestenettet HMNGuest er opent tilgjengeleg, uten bruk av passord.

​Apoteket ligg rett til venstre når du kjem inn hovudinngangen til SNR Hjelset. 

Opningstider og kontaktinformasjon til sjukehusapoteket på Hjelset kan du finne her

Kafé SNR

Like innom hovudvestibylen i 2. etasje finn du Kafé SNR. Her tilbyr vi lunsj- og middagsrettar, stor salatbar, kaker, fast food og påsmurt bakst. 

Opningstider

Mandag - fredag: kl 9:00-20:00

Laurdag og søndag: kl 10:00-18:00

 

Kiosk

Ved SNR Hjelset har vi også kiosk 24/7 i form av smarte vareskap og drikkeautomatar på sjukehuset. Her får du kjøpt drikke, sjokolade, snacks, gåveartiklar og matrettar frå kjøkkenet. Vi har også Espresso House Barista stasjon.  

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.