Tid og stad
Når
- 03. nov. 2023
- 10. nov. 2023
- 17. nov. 2023
Type arrangement
Arrangør
Kvar
Kristiansund sjukehusKVIFOR DELTA
Med kurset ønsker vi at du som ungdom skal få auka kunnskap om ADHD er. Vi ønsker å skape auka forståing og meistring både i heimen og i skulekvardagen.
INNHALD
Kurset tek utgangpunkt i det psykoedukative programmet Kort og godt om ADHD som er utviklet av Bente Knutsen, tilrettelagt for grupper av Ellen Brattøy. Tema kan vere (med atterhald om endringar):
- Bli kjent med kvarandre
- Kva er ADHD og kva betyr det for meg
- ADHD og tilleggsvanskar
- Behandling, tilrettelegging og mestring i kvardagen
- ADHD og eksekutive vanskar
- ADHD, vegen vidare og utdanning
- Diskusjonar rundt kva vi har lært/kva var nyttig
PRAKTISKE OPPLYSNINGAR
Oppmøte ved BUP i Kristiansund i Sykehusgata 2, 3. etg. Kurset/gruppeopplæringa går over tre fredagar mellom kl. 12.15 - 14.45 alle dagane.
Du eller dine foreldre må sjølv ta kontakt med BUP sin ekspedisjon på telefonnummer 71217550 for å bekrefte deltaking.
Dersom du ikkje kan møte på opplæringa må du avbestille snarest og senest 24 timer før på telefon 71217550. Dersom du ikke avbestiller blir du belastet med et gebyr som for tiden er på kr 385,-.
RETTAR OG EIGENANDEL
Deltaking på kurset er gyldig fråvær frå skule og arbeid (om du td. er lærling) då dette er ein del av behandling du mottek i spesialisthelsetenesten. Rettar ved reise og opphald gjeld som ved andre polikliniske timar på sjukehuset.
Ingen eigenandel, kurset er gratis.
Lenke til utfyllande informasjon om eigenandel og andre rettar finn du her
NYTTIGE NETTSIDER
Støtteordninger for familier i barne- og ungdomspsykiatrien - St. Olavs hospital (stolav.no)
Kontakt
Ellen Brattøy, kursansvarlig BUP
71217550