Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Avdeling for psykisk helsevern barn og unge

Psykisk helsevern for barn og unge (PHBU) gir spesialisert helsetilbod til barn og unge (0-18 år) med psykiske vanska. Dette kan til dømes vere utgreiing og behandling av angst, åtferdsvanskar, utviklingsforstyrringar, AD/HD, depresjon, tvangslidingar, autisme, sjølvmordsfare, psykose, spiseforstyrringar, skulevegring, m.m. Vi består av både poliklinikkar (BUP) og ein sengepost. Tilboda er tverrfaglege og vi legg stor vekt på deltaking frå pårørande og andre viktige personar for pasienten.