Tid og stad
- Når
- Nytt kurs kvar månad, utan juli og august.
- Type arrangement
- Gruppeopplæring
- Arrangør
- Du kan følge kurset digitalt eller frå biblioteket på Kreftavdelinga i Ålesund
- Kvar
- Ålesund sjukehus
- Digitalt eller oppmøte på bilioteket ved Kreftavdelinga i Ålesund
Tilvising
Alle pasientar som blir behandla for brystkreft i Møre og Romsdal blir tilvist brystkreftskulen automatisk. Om du ikkje har fått invitasjon til kurs kan du kontakte arrangør. Du kan følge kurset digitalt eller frå biblioteket på Kreftavdelinga ved Ålesund sjukehus. Nytt kurs kvar månad, utan juli og august. Les meir om digitalt deltaking og personvern her.
Kvifor delta på kurs
Kurset gir deg ei grundig innføring i kva vurderingar som ligg til grunn for valet av det behandlingstilbodet du får for din kreftsjukdom, korleis behandlinga blir gjennomført og kva du sjølv kan gjere for å ha best mogeleg helse undervegs i forlaupet. Innhaldet i undervisninga er retta mot pasientar med brystkreft. Kurset er relevant som førebuing før start av behandlinga, men også for dei som har fullført si behandling. Undervisninga er tverrfagleg.
Innhald
- Kva for ei behandling skal eg ha? Kven skal ha tilleggsbehandling
- Biverknadar
- Kjemoterapi/Cellegift
- Fysisk aktivitet
- Stråleterapi
- Ernæring
- Rettar
Praktiske opplysningar
Parkering etter gjeldande reglement ved sjukehuset. Parkeringsgebyr kan betalast ved parkeringsautomat eller via Easypark app.
Det blir servert enkel bevertning eller lunsj, nærmare informasjon om dette får du i innkallingsbrev. Faktura blir sendt i etterkant av kurset. Vennligst gi beskjed i god tid om det er spesielle behov vi skal ta hensyn til f.eks allergiar, hørsel e.l. Gje beskjed dersom du har allergiar eller ikkje ønsker bevertning.
Rettar og eigenandel
Pasientar har rett til fri for å delta på pasientopplæring. Rettar ved reise og opphald gjeld som ved andre polikliniske timar på sjukehuset.
Du må betale eigenandel som ved ein vanleg poliklinisk konsultasjon. Dette går inn i frikortgrunnlaget, ingen eigenandel for deg som har frikort. Det er bindande påmelding. Ved ikkje møtt uten å ha gitt beskjed vil den enkelte bli belastet med eit gebyr. Faktura sendast etter kurset.
Informasjon om eigenandel og andre rettar kan du finne på Helsenorge.no sine sider.
Les meir om betaling/gebyr og sjå oppdaterte satsar for helsetenester på Helsenorge.no