Pasientkurs

Cøliaki - Ålesund

Kurstilbod for vaksne personar med cøliaki og deira pårørande.

11.
juni
2024
  1. 11. juni 2024

Tid og stad

Når

  1. 11. juni 2024

Type arrangement

Gruppeopplæring

Arrangør

Poliklinikk for mage/tarmsjukdommar ved Ålesund sjukehus i samarbeid med norsk cøliakiforening og Lærings- og meistringssenteret i Møre og Romsdal

Kurstilbodet krev tilvising frå behandlande lege eller fastlege. Elektronisk tilvising sendast til Poliklinikk for mage/tarmsjukdommar ved Ålesund sjukehus.


Kvifor delta på kurs

Kurset er særskilt eigna for personar som har fått diagnosa cøliaki siste året. Personar som har hatt diagnosa i fleire år, men framleis kjenner behov for auka kunnskap/opplæring, kan også delta. Pårørande vert også oppmoda til å delta.

Hovudmålet er at pasientar med cøliaki vert godt rusta til å meistre sin sjukdom på best mogleg måte. Det vert lagt vekt på kunnskap om og oppfylgjing av sjukdomen, glutenfri diett, meistring av tilstanden, samt praktisk informasjon/råd.

Innhald

På kurset vert det teke opp ulike tema:

  • Sjukdomslære/diagnose/behandling
  • Bakedemonstrasjon
  • Pasientrettar
  • Kosthald generelt og ved cøliaki
  • Meistring knytta til det å leve med cøliaki
  • Norsk cøliakiforening (NCF) - om foreninga sine mål og arbeidsmetodar

Med atterhald om endringar.

Ein sjukepleiar er til stades under heile kurset. Andre som held foredrag på kurset er blant anna gastroenterolog, ernæringsfysiolog, representasjon frå Norsk Cøliakiforening, fagpersonar angåande rettar og erfaren brukarrepresentant.

Praktiske opplysningar

Kurset går over ein dag. 
Kurset finn stad i Auditoriet ved Ålesund sjukehus.

Rettar og eigenandel

Pasientar har rett til fri for å delta på pasientopplæring. Rettar ved reise og opphald gjeld som ved andre polikliniske timar på sjukehuset.

Pasientdeltakarane vert registrert som polikliniske pasientar, og betalar eigenandel etter gitte takstar.
I tillegg betalar ein kr 50,- for lunsj. Utgifter for mat gjeld både pasient og pårørande.

Eigenandelen går inn i frikortgrunnlaget, ingen eigenandel for deg som har frikort. Faktura sendes etter kurset.

Lenke til utfyllande informasjon om eigenandel og andre rettar finn du her

Nyttige nettsider

Norsk cøliakiforening

Kontakt

Relevante behandlingar