Tid og stad
- Når
-
- 04. nov. 2026, 08:00 - 16:00
- 11. nov. 2026, 08:00 - 16:00
- 18. nov. 2026, 08:00 - 16:00
- Type arrangement
- Gruppeopplæring
- Arrangør
- Avdeling for nevrologi SNR i samarbeid med Lærings- og meistringssenteret i Møre og Romsdal og Frisklivssentralen i Molde
- Kvar
- Sjukehuset Nordmøre og Romsdal Hjelset
- Kurset har moglegheit for fysisk oppmøte ved SNR Hjelset og digital deltaking gjennom teams alle dagar.
- Påmelding
-
Frist for påmelding: 28. okt. 2026
Kvifor delta på kurs
For deg med ME. Pårørande er også velkomne til å delta, ein treng ikkje å melde frå om dette. Kurset går over 4 korte/halve dagar.
Innhald
Tema som:
- Kva veit vi om CFS/ME? ved nevrolog
- Avspenning og fysisk aktivitet ved spesialfysioterapeut
- Å leve med ME - ved brukarrepresentant
- Info om ME-foreningen
- CSF/ME og stress, søvn ved nevropsykolog
- Rettigheiter ved sosionom
- Livsmestring ved sjukehusprest
- Veien videre ved fleire fagpersonar
Med atterhald om endringar. Kursprogram og info vert sendt ut per post. Info om digitalt oppmøte vert sendt på e-post, sjekk gjerne søppemail.
Praktisk informasjon
Kurset er fysisk (ved SNR Hjelset), men dersom du ikke greier å delta fysisk eller ynskjer dette kan du delta digitalt alle fire kursdagane.
Det vert servert kaffi/te, ta evt. med matpakke ved behov.
Rettar, eigenandel og opplæringspengar
Pasientar har rett til fri for å delta på pasientopplæring. Rettar ved reise og opphald gjeld som ved andre polikliniske timar på sjukehuset.
Du må betale eigenandel som ved ein vanleg poliklinisk konsultasjon. Dette går inn i frikortgrunnlaget, ingen eigenandel for deg som har frikort. Faktura sendes etter kurset.
Lenke til informasjon om eigenandel og andre rettar finn du her
Nyttige nettsider
Kontakt
Telefontid: Kl 09:00-11:00 og kl 13:00-14:00.