Pasientkurs

CSF/ME - Molde - Digitalt/ fysisk

Gruppeopplæring for personar med kronisk utmattelsessyndrom (ME) og deira pårørande. Fysisk oppmøte, moglegheit for digital deltaking om ønskeleg.

Passert
26.
februar
2024
4 dagar
  1. 26. feb. 2024
  2. 04. mars 2024
  3. 11. mars 2024
  4. 18. mars 2024

Tid og stad

Når

  1. 26. feb. 2024
  2. 04. mars 2024
  3. 11. mars 2024
  4. 18. mars 2024

Type arrangement

Gruppeopplæring

Arrangør

Avdeling for medisin og nevrologi Molde sjukehus i samarbeid med Lærings- og meistringssenteret i Møre og Romsdal og Frisklivssentralen i Molde

Kvar

Molde sjukehus
Fysisk oppmøte ved Molde sjukehus, moglegheit for digital deltaking om ønskeleg.

Påmelding

Frist for påmelding: 12. feb. 2024

Du blir automatisk påmeldt når lege sender ei henvisning merka med "ME-kurs". Henvisning sendast elektronisk til Nevrologisk inntakskontor, Molde sjukehus. 
Oppgi e-postadresse og om evt. pårørande ønsker å delta. Pårørande treng ikkje eiga henvisning.

Dersom kurset vert fullt vil du bli satt på venteliste og får beskjed om dette.

Kvifor delta på kurs

For deg med ME. Pårørande er også velkomne til å delta, ein treng ikkje å melde frå om dette. Kurset går over 4 korte/halve dagar.

Innhald

Tema som:

  • Kva veit vi om SDF/ME? ved nevrolog
  • Avspenning og fysisk aktivitet ved spesialfysioterapeut
  • Å leve med ME - ved brukarrepresentant
  • Info om ME-foreningen
  • CSF/ME og stress, søvn ved nevropsykolog
  • Rettigheiter ved sosionom
  • Kosthald og CSF/ME ved klinisk ernæringsfysiolog
  • Veien videre ved fleire fagpersonar + brukarrepresentant frå Frisklivssentralen i Molde

Med atterhald om endringar. Kursprogram og info vert sendt ut per post. Info om digitalt oppmøte vert sendt på e-post, sjekk gjerne søppemail. 

Praktisk informasjon

Kurset er fysisk (i Molde), men dersom du ikke greier å delta fysisk eller ynskjer dette kan du delta digitalt alle fire kursdagane. 

Det vert servert kaffi/te, ta evt. med matpakke ved behov. 

Rettar, eigenandel og opplæringspengar 

Pasientar har rett til fri for å delta på pasientopplæring. Rettar ved reise og opphald gjeld som ved andre polikliniske timar på sjukehuset.

Du må betale eigenandel som ved ein vanleg poliklinisk konsultasjon. Dette går inn i frikortgrunnlaget, ingen eigenandel for deg som har frikort. Faktura sendes etter kurset.

Lenke til informasjon om eigenandel og andre rettar finn du her

Nyttige nettsider

ME-foreningen

Kontakt