Pasientkurs

Depresjon (KID) - Ålesund

For vaksne personar med mild til moderat depresjon

Tid og stad

Når

Årleg tilbod

Type arrangement

Gruppeopplæring

Arrangør

Kvar

Vegsund

Kursdeltakarar kan få sendt tilvising til kurset gjennom eigen fastlege, behandlar eller gjennom anna kontakt med helsetjenesta.

Kvifor delta på kurs

Med kurset ynskjer vi at du skal bli meir bevisst på eigne tankar og å sjå samanheng mellom tankar og følelser. Vi ynskjer at du kan bli bevisst på negativt tankemønster og korleis forhindre dette.

Innhald

Kurset byggjer på kognitiv metode.

Kursdeltakarane undervises i å bli oppmerksam på tankane sine, dei lærer også å sjå samanheng mellom tankar og følelser.

Kursdeltakarane lærer seg korleis dei skal vurdere og endre negative tolkningar av det som skjer.

Dei lærer også korleis dei kan kjenne igjen eit negativt mønster på tankar og endringar, og korleis dei kan forhindre dette.

Praktiske opplysningar

Kurset går over 10 kursdagar, kvar gong på 2,5 timar.

Kurset gjennomførast ved psykiatrisk poliklinikk

Kursbok brukast aktivt gjonnom heile kurset

Kurset blir leda av godkjente kursleiarar.

Det er 8-12 deltakarar på kvart kurs.

Rettar og eigenandel

Pasientar har rett til fri for å delta på pasientopplæring. Rettar ved reise og opphald gjeld som ved andre polikliniske timar på sjukehuset.
Du må betale eigenandel som ved ein vanleg poliklinisk konsultasjon. Dette går inn i frikortgrunnlaget, ingen eigenandel for deg som har frikort. Faktura sendes etter kurset.


Lenke til utfyllande informasjon om eigenandel og andre rettar finn du her

Nyttige nettsider

Kognitiv.no

Kontakt

Relevante behandlingar