Tid og stad
Når
- 27. mai 2024
Type arrangement
Arrangør
Kvar
Ålesund sjukehusPåmelding
Kvifor delta
Målet er at du får kunnskap om din sjukdom/skade og lærer mestringsstrategiar på korleis takle ein kvardag med kognitive vanskar. Vi ønsker å legge til rette for at du får utvikla ditt potensial så langt som mogleg på områder som eigenomsorg, fritidsaktivitetar, familieliv, utdanning, arbeidsliv og samfunnsliv.
Kriterier for inntak til gruppetilbodet:
- Personar i yrkesaktiv alder (16—67 år)
- Seinforløp, ferdig med primærrehabilitering med erfaring frå dagligliv heime, frå ca. 1 1/2 år etter skade
- Motivert til å arbeide med eigne utfordringer i gruppe
- Sjølvhjulpen og må ha språklige ferdigheiter
Oppholdet egner seg ikkje for personer med pågående alvorlig psykiatrisk lidelse og/eller rusavhengighet.
Seinfaserehabilitering er eit gruppetilbod med fokus på meistring av endra livssituasjon. Mange pasientar med kognitive vanskar etter erverva hjerneskade opplev at deira usynlege handikap er vanskeleg å forstå for andre. Å leve med kognitive vanskar kan få konsekvensar for kva ein tenker om seg sjølv, det kan påverke familielivet, det sosiale og yrkeslivet.
Eksempel på kognitiv svikt kan vere vanskar med å hugse, kontrollere følelsar, manglande initiativ og vanskar med å planlegge aktivitetar. Nokre slike vanskar opplev ein sjølv, mens andre gongar er det ektefelle, barn eller kollegaer som merkar det mest. Kognitiv svikt kan oppstå åleine eller i lag med motoriske utfall (lammingar).
Gruppeopphaldet er retta mot personar med kognitiv svikt etter erverva hjerneskade. Årsak til hjerneskade kan mellom anna vere hjerneslag, traumatisk hodeskade (TBI), svulstar, hjernebetennelse, løysemiddelskade ol.
Innhald
Seinfaserehabilitering mestringskurs etter erverva hjerneskade er eit gruppetilbod som drives av et tverrfaglig rehabiliteringsteam ved rehabiliteringssengeposten ved Ålesund sjukehus.
For å sikre at du vil få nytte av oppholdet gjennomførast det ein poliklinisk samtale i forkant for å avklare om du er aktuell deltakar til senfaserehabiliteringa. I samtalen kartlegg vi også om du har pårørande som ynskjer å vere med på tilbodet. Det er eige pårørandetilbod to kveldar ila kursdagane.
Sjå utdjupande informasjon under Tilvising.
Tema for undervisning kan vere:
- Hjerna si oppbygging og funksjon
- Hjerneskadar, skademekanismar, konsekvensar
- Kognitive vanskar
- Rettar
- Rehabilitering
- Arbeidsliv
- Samliv/familie
- Fysisk aktivitet
Arbeidsmåtar:
Tilbodet er todelt. Den ene delen består av undervisning og veiledning, mens den andre går ut på nytte deltakernes kunnskaps- og erfaringsutveksling.
Læringsmetodar:
- Gruppeundervising
- Samtale
- Erfaringsutveksling og diskusjon
- Gruppearbeid
- Praktisk trening
- Jobbe med eigne mål
Praktiske opplysningar
Senfasetilbodet er eit gruppebasert tilbod som går over to veker. Etter eit halvt år arrangerer vi ein oppfølgingsdag.
Dette er eit døgntilbod, så du er inneliggande ved avdelinga så lenge du deltek på kurset og er innlosjert ved pasienthotellet under opphaldet. Det meste av undervisninga/tilbodet skjer på dagtid. Ta kontakt med avdelinga for ytterlegare avklaringar.
Bevertning på pasienthotellet. Vennligst oppgi i tilvisinga om du har spesielle behov vi skal ta omsyn til.Rettar og eigenandel
Pasientar har rett til fri for å delta på pasientopplæring. Rettar ved reise og opphald gjeld som ved andre polikliniske timar på sjukehuset.
Du må betale eigenandel som ved ein vanleg poliklinisk konsultasjon for dette kurstilbodet. Dette går inn i frikortgrunnlaget, ingen eigenandel for deg som har frikort. Faktura sendes etter kurset.
Lenke til utfyllande informasjon om eigenandel og andre rettar finn du her
Nyttige nettsider
Landsforeningen for slagrammede (LFS)
Hjernerådet (Pasient- og brukerorganisasjoner)
Kontakt
Fysikalsk medisinsk ekspedisjon
70 10 57 51