Pasientkurs

Irritabel tarmsyndrom (IBS) - Ålesund

For vaksne personar med IBS og deira pårørande.

Avlyst
5.
mars
2024
2 dagar
  1. 05. mars 2024
  2. 06. mars 2024

Tid og stad

Når

  1. 05. mars 2024
  2. 06. mars 2024

Type arrangement

Gruppeopplæring

Arrangør

i samarbeid med Mage-tarmforbundet og Lærings- og meistringssenteret

Pasienten treng tilvising frå fastlege for å delta. 

I tilvisinga skal det klart kome fram at den tilviste har diagnosen IBS. Pårørande trenger ikkje tilvising.

Tilvisinga skal sendast elektronisk til: Ålesund sjukehus, poliklinikk for mage-tarmsjukdommar.

Kvifor delta på kurs

Vi ønsker å

  • Gi den enkelte auka kunnskap og forståing av sjukdommen/symptoma.
  • Gi omfattande og rett informasjon til fleire
  • Kunnskap skal bidra til auka tryggleik og meistring i kvardagen
  • Ha dialog med ei tverrfagleg faggruppe
  • Møte andre i same situasjon, lære av erfaringane til andre

Innhald

  • Sjukdomslære
  • Behandling
  • Kosthold, låg FODMAP
  • Fysisk aktivitet
  • Meistring og forsking

Føredrag av spesialist i fordøyelsessjukdomar, sjukepleiar, fysioterapeut, ernæringsfysiolog, spesialist i psykiatri og brukarrepresentant frå Landsforeningen mot fordøyelsesjukdommar. 

Døme på program

Dag 1 (med atterhald om endringar)

08.45 – 09.00: Registrering. 
 
09.00 – 09.10: Velkommen v/sjukepleier Silje og Inghild
 
09.10 – 12.00: Irritabel tarm-sjukdom (syndrom) v/overlege Dag Arne Lihaug Hoff 
 
12.00 – 12.30: Lunsj
 
12.30 – 13.00: Ein historie om IBS frå brukar
 
13.00 – 13.15: Pause
 
13.15 – 14.45: Fysioterapeutiske betraktninger og IBS v/ fysioterapeut Jason Mascall
 
14.45 - 15.00: Refleksjon, oppsummering og avslutning 
 

Dag 2:

09.00 – 10.15: Låg-FODMAP kost v/ klinisk ernæringsfysiolog Anna Havang Velle
 
10.15 – 10.25: Pause
 
10.25 – 10.55: Ein historie om IBS frå brukar
 
10.55 – 11.05:  Pause
 
11.05 – 11.30: NAV om arbeid og aktivitet
 
11.30 – 12.00: Lunsj
 
12.00 – 14.45: 7 Å meistre livet med IBS v/ overlege Marianne Klokk
 
14.45 – 15.00: Refleksjon, oppsummering og avslutning.
 

 

Praktiske opplysningar

Bindande påmelding

Det er bindende påmelding.
Ved ikkje møtt uten å ha gitt beskjed vil den enkelte bli belastet med eit gebyr.

Deltaking i to dagar

Vi reknar med at du som får invitasjon kan møte begge dagane. Viss det ikkje passer må du umiddelbart gi beskjed, ikkje seinare enn ei veke etter du mottek invitasjonen. Vi kan ha venteliste.

SMS-varsel

Du får også sms varsling frå poliklinikk for mage-tarmsjukdommar 3 dagar før oppmøte tidspunktet.

Kursstad: Vardehuset

Merk at kurset ikkje vert halde ved Ålesund sjukehus, med på Vardehuset.
Ta av frå E 136 i Nørvasundet. Viss du kjem frå Moa køyr til høgre inn i Borgundfjordvegen, over brua, så fyrste til venstre, etter 40 meter til høgre. Kjem du frå Ålesund sentrum, sving til venstre rett før du kan køyre inn i Borgundfjordvegen.

Parkering

Gratis parkering på begge sider av Vardehuset .

Buss

Buss frå til sentrum stoppar ved Sunnmøre museum, derifrå er det 2-3 min å gå til Vardehuset.
Du kan få dekt utgifter til reise etter søknad til Pasientreiser. 

Presentasjonar frå tidlegare IBS-skule

Deltakarar får tilsendt lenke eller få delt ei QR-kode til ei nettside der ein kan lese presentasjonar frå tidlegare kurs. Sjå også under nyttige nettsider. 

Rettar og eigenandel

Pasientar har rett til fri for å delta på pasientopplæring. Rettar ved reise og opphald gjeld som ved andre polikliniske timar på sjukehuset.

Du må betale eigenandel som ved ein vanleg poliklinisk konsultasjon. Dette går inn i frikortgrunnlaget, ingen eigenandel for deg som har frikort eller er pårørande. Faktura sendes etter kurset.

Lenke til utfyllande informasjon om eigenandel og andre rettar finn du her

Nyttige lenker

Kontakt

Relevante behandlingar