Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Pasientkurs

Starthjelp - foreldre - SNR Hjelset

Et lærings- og mestringstilbud for foreldre/foresatte til barn 0-6 år med nedsatt funksjonsevne og/eller langvarig sykdom.

3.
mars
2027
3 dagar
  1. 03. mars 2027
  2. 10. mars 2027
  3. 17. mars 2027

Tid og stad

Når
  1. 03. mars 2027
  2. 10. mars 2027
  3. 17. mars 2027
Type arrangement
Gruppeopplæring
Arrangør
Habilitering barn og unge SNR, i samarbeid med Lærings- og mestringssenteret og aktørar frå fleire kommune
Kvar
Sjukehuset Nordmøre og Romsdal Hjelset
Auditoriet
Påmelding

Frist for påmelding: 10. feb. 2027

Foreldre som ynskjer å delta som har barn som ikke er henvist til Seksjon for HABU fra før, kan kontakte fastlege for henvisning til kurs. 
Merk at kurstilbodet haldast ein gong per år.

Tilvising sendast elektronisk til Habilitering barn og ungdom, Sykehuset Nordmøre og Romsdal.

Kvifor delta på kurs

Med kurset ynskjer vi å vere veivisar i ein ny kvardag og å leggje til rette for erfaringsutveksling mellom foreldre i liknande situasjon. 

Vi ynskjer å skape forståing og meistring i rolla som forelder/foresatt.

Vi oppmodar begge foreldra til å delta på opplæringa. Dersom det ikkje er mogleg, er ein annan person som står barnet nær, velkomen til å vere med.

Innhald

Kurset har følgande tema:

Familie og det å få ei diagnose

  • Å vere ein familie, parforhold, søsken, besteforeldre
  • Sorg og meistring
  • Korleis samarbeide med familie og nettverk
  • Ein forelder si historie

 Samhandling og støtte i kvardagen

  • Informasjon om ulike instansar og kva dei tilbyr
  • Besøk av nav, PPT, barnekoordinator, ergoterapeut og fysioterapeut
  • Ein forelder si historie

 Kvardagsliv, kommunikasjon og veien videre

  • Kommunikasjon og samspel
  • Å meistre ein belastande kvardag
  • Ein forelder si historie

*Med atterhald om endringar i tema.

Praktiske opplysningar

Det blir servert kaffe, te og frukt. Lunsj kan kjøpes i kafeen. 

Vennligst gi beskjed ved påmelding hvis det er spesielle behov mht hørsel, språk etc. 

Parkering etter gjeldande reglement ved sjukehuset

Rettar, opplæringspengar og eigenandel

Ingen eigenandel.

Du kan søke om opplæringspengar dersom du er yrkesaktiv og har omsorg for eit barn med langvarig sjukdom eller funksjonshemming. Opplæringspengar reknast på same måte som sjukepengar, og skal erstatte tap av arbeidsinntekt ved fråver frå arbeid for å vere med under opplæringa.

Lenke til utfyllande informasjon om eigenandel og andre rettar finn du her

Lenker til aktuelle sider:

www.familienettet.no
www.mestring.no

Kontakt

    Navn

    Resepsjon Habilitering barn og ungdom, Sykehuset Nordmøre og Romsdal (SNR) Hjelset

    71 11 56 00

Relevante behandlingar