Tid og stad
Når
Type arrangement
Arrangør
Kvar
Molde sjukehusKvifor delta på kurs
Med kurset ønsker vi at du og dine pårørande skal få auka kunnskap om stomi, korleis førebygge utfordringar som kan oppstå med stomien og skape auka tryggleik, forståing og meistring i det å leve med stomi.
Vi ønsker også at du skal få møte andre med stomi og utveksle erfaringar.
Vi oppfordrar pårørande til å delta på opplæringa.
Innhald
- Kva er ein stomi?
- Brukarinnlegg av to brukarrepresentantar med ulik type stomi
- Erfaringsutveksling i gruppar
- Kosthald og stomi
- Utfordringar med stomi og sårbehandling
- Informasjon om NORILCO
- Stomi og trening, korleis førebygge brokk
- Stomi og seksualitet
- Stomiutstyr og bandasjer – du kan gå rundt og sjå på utstyr og stille spørsmål.
- Smarte tips ved reise
- Rettar
Praktiske opplysningar
Bevertning: Ta med eiga matpakke til lunsj. Det vert servert kaffe/te/vann og noko lett servering. Ein kan kjøpe mat på sjukehuset, vi har lunsj saman.
Dersom det er spesielle behov vi skal ta omsyn til, hørsel ol. ber vi deg gi beskjed ved påmelding.
Det er bindande påmelding. Ved ikkje møtt utan å ha gitt beskjed vil den enkelte bli belastet med eit ikkje møtt gebyr.
Parkering må den enkelte ordne med sjølv.
Rettar og eigenandel
Pasientar har rett til fri for å delta på pasientopplæring. Rettar ved reise og opphald gjeld som ved andre polikliniske timar på sjukehuset.
Du må betale eigenandel som ved ein vanleg poliklinisk konsultasjon. Dette går inn i frikortgrunnlaget, ingen eigenandel for deg som har frikort. Faktura sendes etter kurset.
Lenke til utfyllande informasjon om eigenandel og andre rettar finn du her