Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Pasientkurs

IBD - SNR Hjelset

Eit kurstilbod til deg med inflammatorisk tarmsjukdom Ulcerøs Colitt eller Morbus Crohns. Pårørande er velkome til å delta.

16.
september
2025
  1. 16. sep. 2025

Tid og stad

Når

  1. 16. sep. 2025

Type arrangement

Gruppeopplæring

Arrangør

Mage- tarmforbundet og Lærings- og mestringssenteret

Kvar

Sjukehuset Nordmøre og Romsdal Hjelset

Påmelding

Frist for påmelding: 02. sep. 2025

For å delta må du ha tilvising fra lege.

Du blir automatisk påmeldt når tilvising sendes elektronisk til Medisinsk avdeling, SNR Hjelset.

Pårørande treng ikkje tilvising.

Kvifor delta på kurs

Med kurset ynskjer vi at du og dine pårørande skal få økt kunnskap om sjukdomen, førebygge forverring og skape økt trygghet, forståelse og mestring i det å leve med IBD.

Vi ynskjer også at du skal få møte andre med same sjukdom og utveksle erfaringar. 

Vi oppmodar pårørande til å delta på opplæringa.

Innhald

Kurset har følgande tema:

  • Ulcerøs kolitt og Crohns sykdom
  • Sykdomsforståelse,  medisinsk behandling og tilleggssykdommer
  • Kost og ernæringsveiledning
  • «Å leve med kronisk sykdom»
  • Rettigheter ved kronisk sjukdom   
  • Kirurgisk behandling

Praktiske opplysningar

Det blir servert enkel bevertning eller lunsj, nærmare informasjon om dette får du i innkallingsbrev. Faktura blir sendt i etterkant av kurset. Husk å gi beskjed hvis du ikkje skal ha lunsj slik at du ikkje blir fakturert. 

Vennligst gi beskjed i god tid om det er spesielle behov vi skal ta hensyn til f. eks allergiar, hørsel, språk etc.

Parkering etter gjeldande reglement ved sjukehuset. Parkering må den enkelte ordne med selv.

Rettar og eigenandel

Pasientar har rett til fri for å delta på pasientopplæring. Rettar ved reise og opphald gjeld som ved andre polikliniske timar på sjukehuset.

Du må betale eigenandel som ved ein vanleg poliklinisk konsultasjon. Dette går inn i frikortgrunnlaget, ingen eigenandel for deg som har frikort eller er pårørande. Faktura sendes etter kurset.

Det er bindande påmelding. Ved ikkje møtt uten å ha gitt beskjed vil den enkelte bli belastet med eit gebyr. 

Lenke til utfyllande informasjon om eigenandel og andre rettar finn du her

Informasjon om eigenandel og andre rettar finn du også på Helsenorge sine sider.
Egenandeler og pasientbetaling på sykehus og poliklinikk - Helsenorge.no

 

Nyttige nettsider

Mage-tarmforbundet

Kontakt

Relevante behandlingar