Sjølvbestemt abort (Abortus provocatus)
Medikamentell heimeabort
I Noreg har kvinner lovfesta rett til sjølvbestemt abort før 18. svangerskapsveke (17+6). Seinare i svangerskapet må søknaden behandlast av ei abortnemnd.
I Noreg har kvinner lovfesta rett til sjølvbestemt abort før 18. svangerskapsveke (17+6). Seinare i svangerskapet må søknaden behandlast av ei abortnemnd.
Det kan vere vanskeleg å ta ei avgjerd om å fullføre eller avbryte eit svangerskap. Treng du nokon å snakke med, kan du ringe Amathea på telefon 90 65 90 60. Amathea er ei gratis rettleiingsteneste ved val knytte til graviditet og abort.
For at medikamentell abort skal kunne skje heime må du vere over 18 år og frisk. Du må kunne forstå og prate norsk eller engelsk, og ha høve til å ha ein vaksen person saman med deg. Heimeabort er aktuelt fram til svangerskapsveke 9. Ved nokre sjukehus er heimeabort mogleg fram til veke 10.
Tilvising og vurdering
Planlagd oppfølging ved ufrivillig graviditet startar vanlegvis hos fastlege som tilviser til sjukehuset. Du kan også ta direkte kontakt med sjukehuset for undersøking og vidare oppfølging, det er ikkje nødvendig med tilvising frå fastlege.
Det er viktig at du tar kontakt med fastlegen eller kontaktar sjukehuset direkte så tidleg som mogleg dersom du er ufrivillig gravid og vurderer å avbryte svangerskapet.
Hos fastlegen
Fastlegen vurderer svangerskapslengde før vidare tilvising til sjukehuset.
På sjukehuset
På sjukehuset får du samtale med sjukepleiar og/eller gynekolog. Det vil bli gjennomført ein vaginal ultralyd og ein gynekologisk undersøking for å fastslå svangerskapslengde og tatt klamydiatest.
Du vil få grundig informasjon og samtale før endeleg behandlingsmetode blir vedtatt. Vanlegvis blir aborten sett i gang med medikament. Du vil bli beden om å signere eigenerklæringa «Krav om svangerskapsavbrot».
Innleiande behandling
Du har vore til undersøking og vurdering på sjukehuset og det er avtalt at aborten skal skje heime ved hjelp av medikament. Det er to ulike medikament som blir nytta.
- Mifegyne, som startar abortprosessen
- Cytotec, som hjelper kroppen å fullføre aborten
Første del av behandlinga skjer på sjukehuset. Du får tabletten Mifegyne som du svelger, og når han er tatt er det for seint å ombestemme seg. Før du forlèt sjukehuset får du med deg Cytotec, smertestillande og kvalmestillande for vidare behandling heime.
Du kan få bløding og menstruasjonsliknande magesmerter dei neste dagane. Bruk bind og ikkje tampongar ved bløding. Ved behov for smertestillande kan du ta:
- Ibux 400 mg inntil tre gonger i døgnet
- Paracetamol 1 gram inntil fire gonger i døgnet
- Paralgin major (stikkpille 800 mg/60 mg)
Hos nokre få skjer aborten utan at vidare behandling er nødvendig.
Ta kontakt med sjukehuset dersom:
- du kastar opp før det er gått 2 timar etter inntak av Mifegyne
- aborten skjer utan at vidare behandling er sett i gang
- om du begynner å blø før du startar med Cytotec
Vidare behandling heime
To dagar etter at abortprosessen blei starta på sjukehuset, fortset du behandlinga heime. Det er nødvendig at du har ein vaksen person saman med deg. Spis gjerne frukost før du begynner behandlinga.
Du kan ikkje køyre bil denne dagen.
Korleis går du fram?
- Start behandlinga på morgonen.
- Plasser 4 tablettar Cytotec djupt i vagina (skjeden).
- Vent 10–15 minutt med å reise deg opp, deretter bør du vere oppe for å framskunde abortprosessen.
- Du kan ete, drikke og elles leve som normalt.
Vanlegvis vil aborten skje 4–6 timar etter at tablettane med Cytotec blei sette. Dersom det går meir enn 6 timar før du får bløding, må du ringe sjukehuset for informasjon og vidare avtale.
NB!
Du kan få sterke menstruasjonssmerter og det er vanleg at du blør ein god del. Blir du utrygg i situasjonen, ta kontakt med sjukehuset.
Etter
Ta kontakt med sjukehuset ved:
- positiv graviditetstest 4 veker etter aborten
- feber – temperatur over 38 grader
- smerter og kraftig bløding (med klumpar) i meir enn 2 veker
- bløding som fortset i meir enn 4 veker etter aborten
- at du ikkje har fått tilbake menstruasjonen 6 veker etter aborten
Vi gjer merksame på at intakt graviditet etter abort vil hende hos 1–2 kvinner av 1000 som får behandling. Metodesvikten er den same om behandlinga skjer ved medikamentell eller kirurgisk abort.
Etterkontroll
Du skal ta graviditetstest 4 veker etter aborten for å påvise at svangerskapet er avslutta.
Ver merksam
Ta kontakt med sjukehuset ved:
- feber – temperatur over 38 grader
- smerter og kraftig blødning (med klumpar) i meir enn 2 veker
- positiv graviditetstest 4 veker etter aborten
- blødning som held fram i meir enn 4 veker etter aborten
- at du ikkje har fått tilbake menstruasjonen 4–6 veker etter aborten
Vi gjer merksam på at inntakt graviditet etter abort vil inntreffe hos 1–2 kvinner av 1000 som får behandling. Metodesvikten er den same om behandlinga skjer ved medikamentell abort eller kirurgisk abort.