Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Undersøking, Undersøking med narkose

MR barn

MR er ei forkorting for magnetisk resonans. Under ei MR-undersøking ligg den som vert undersøkt i eit svært sterkt magnetfelt og det blir sendt radiofrekvente signal gjennom kroppen. Desse signala nyttar MR-maskina til å lage digitale bilete. Det er inga form for røntgenstråling med ein MR.

MR vert nytta i undersøkingar der andre diagnostiske metodar er utilstrekkelege eller som supplement til andre metodar. MR-undersøking gir spesielt god framstilling av forandring i muskulatur, bindevev og sentralnervesystemet. I tillegg kan MR framstille sjukdomsforandringar i skjelettet, hjarte, bryst, blodårer, urinvegar og bukorgan, inklusive tarmsystemet.

Tilvising og vurdering

Tilvising frå lege på sjukehuset eller primærhelsetenesta.

MR-sjekkliste må alltid fyllast ut

MR-sjekkliste ligg i journalsystemet som dei ulike fastlegekontora brukar når dei sender elektronisk tilvising. Tilvisinga kan også skrivast ut og sendast på papir.
For dei som ikkje har denne molegheita, finn du papirtilvisinga her:

Ved mangel på sjekkliste blir det sendt purring til tilvisande lege. Tilvisinga bli liggande på vent og pasienten får ikkje time før vi har mottatt sjekklista.

Fleire viktige punkt i sjekklista
  • Pasientvekta må fyllast ut. Det er viktig å vite med tanke på om undersøkinga kan utførast i forhold til plassen i sjølve maskina. Undersøking av overvektige pasientar krev noko meir tid og det kan vere nødvendig å gjere spesielle biletopptak.
  • eGFR må fyllast inn. Denne må vere av nyare dato.
  • Har pasienten ventrikuloperitoneal shunt skal dette noterast i sjekklista. Enkelte shunt må kontrollerast av nevrologisk avdeling etter undersøkinga.
Annan viktig informasjon
  • For alle pasientar som har kjent nedsett nyrefunksjon skal det gjennomførast nyrefunksjonsprøver før dei vert tilvist til MR-undersøking.
  • Vi treng å vite om pasienten har klaustrofobi. Dette for å tilrettelegge undersøkinga best mogleg for pasienten. Ved kraftig klaustrofobi kan det vere nyttig at pasient og tilvisar snakkar saman om bruk av beroligande legemiddel før undersøkinga.
  • Det er nødvendig med gode kliniske opplysingar om pasientens sjukdom.
  • Merk tilvisinga med kor mykje undersøkinga hastar ("utgreiing", "snarleg undersøking")

Før

Førebuing heime

Ved narkose må barnet faste på førehand. Barnet må ikkje ete, drikke, ta medisin eller suge på pastill.

Kor mange timar faste avhengar av barnets alder (store barn frå kl. 24:00, og små barn frå kl. 04:00).
 
Ved narkose vert faste medisinar gitt etter undersøkinga. 
Unntak: astmamedisin, epilepsimedisin og nokre gongar hjartemedisin.

På grunn av det sterke magnetfeltet må sjukehuset eller tilvisande lege på førehand vite om barnet har:
 
  • Pacemaker
  • Er operert i hjerne, auge, øyre eller hjarte
  • Operert inn metall i kroppen (klips på blodkar i hovudet)
 
Ut frå desse opplysingane vurderer radiologen om undersøkinga kan gjennomførast.
 
Før undersøkinga må alle lause metallgjenstandar, klokke og andre verdigjenstandar leggast i ei oppbevaringsboks. Dei kan ikkje vere med i undersøkingsrommet, då dei kan bli øydelagde av magnetfeltet.
 
Høyreapparat kan bli påverka av magnetfeltet og må fjernast før undersøkinga.
 
Når barnet kjem på sjukehuset får han/ho innlagt ein veneflon
Det blir gitt ein bedøvingskrem på førehand for at det ikkje skal gjere vondt.

For alle barn som har kjent nedsett nyrefunksjon skal det gjennomførast nyrefunksjonsprøver før dei vert tilviste til undersøking.

Ved behov kan barnet få roande medisinar før narkosen. 

Når er det rett å bruke bildediagnostike tenester? Kompetanse om dette er viktig for å unngå overforbruk og sikre rett bruk bildediagnostiske tenester. Filmen er eit samarbeid mellom Akershus universitetssykehus og Statens strålevern.

Under

Barnet vert frakta til undersøkinga i seng og har på sjukehusklede. Mor og far følger med.

Under undersøkinga ligg barnet på eit bord som blir ført inn i ei rørforma maskin som er open i begge endar.
 
Medan fotograferinga pågår høyrest ein bankelyd i maskina. Barnet får på seg øyreklokker som dempar bankelyden.
 
Narkose

Grunnen til at barnet blir lagt i narkose er at ein må ligge heilt stille over tid. 
Når bileta vert tatt går MR-peronalet ut av undersøkingsrommet, men dei kan sjå og følge med på barnet gjennom eit vindauge og via kameraovervåking. Anestesilege og sjukepleier vil vere til stades under heile undersøkinga i lag med barnet. 
 
Varigheita vil variere avhengig av kva som skal undersøkast, frå 30 til 60 minutt. 
Med førebuing til narkose vil heile undersøkinga ta frå ein til to timar. 

Etter

Barnet må overvakast etter undersøkinga til det er vakent, har fått i seg drikke/mat og har tissa. 

Biverknader etter undersøkinga er oftast på grunn av narkosen. 
Nokre kan verte kvalme, men dette går som regel fort over. Barnet kan få medisinar for dette.

Resultatet av undersøkinga

Bileta vert granska av ein radiolog som lagar ein skriftleg rapport av kva bileta viser.
Rapporten vert sendt legen som sendte barnet til MR innan ei til to veker.
Bileta og rapporten vert lagra i datasystemet vårt.

Er barnet innlagt på sjukehuset vil resultatet av undersøkinga blir gitt av legen dagen etter.  

Ver merksam

Det kan vere nødvendig å gi MR-kontrast i ei blodåre i arma ved nokre tilfelle. MR-kontrast gir sjeldan biverknader i form av allergiske reaksjonar. Ein kan oppleve å bli varm under undersøkinga. Dette er ikkje vondt. Denne kjensla gir seg når undersøkinga er over.

MR-undersøking og bruk av kontrastmiddel

For barn med sterkt redusert nyrefunksjon kan det oppstå alvorlege biverknader etter bruk av MR-kontrast.  Det vert tatt særlege omsyn til denne pasientgruppa. 
MR-kontrast kan ein gi der det er nødvendig å påvise sjukdomtilstandar, etter nøye medisinsk vurdering.

Kontakt

  • Kontakt Radiologi Ålesund

    Oppmøtestad

    Møt opp på barneavdelinga for nødvendig førebuing til undersøkinga.  
    Blomar i forgrunn av Ålesund sjukehus

    Ålesund sjukehus

    Åsehaugen 5

    Transport

    Besøksparkering på tilvist stad på sjukehusområdet, sjå kart under. 

    • Merk at du alltid må registrere bilnummeret på parkeringsautomat eller i EasyPark-appen ved ankomst
    • Vi anbefaler betaling med kort framfor mynt. Då kan du velje P-tid med god margin slik at du unngår stress for å nå parkeringstida. Kjem du tilbake før utløpt tid kan du avslutte ved å sette inn kortet igjen. Du betaler då kun for brukt parkeringstid
    • Det er også mogleg å betale med mynt, men då må du tilbake til automaten viss du må forlenge parkeringstida. Du får heller ikkje refundert beløp om du forlater plassen tidlegare
    • Appen EasyPark er også eit godt betalingalternativ ​

    Endra parkeringsområde og stengd inngang nord (poliklinikkinngangen) 

    20. november 2023 stengde vi Inngang nord (poliklinikkinngangen) og la om parkeringsområda ved Ålesund sjukehus i samband med ombygging. Under får du oversikt over dei nye parkeringsområda og inngang til sjukehuset. 

    Kart
    Stengd inngang er markert med raudt kryss. 

    Markerte område på bildet

    • Grøn markering: Parkering for pasientar/besøkande
    • Gul markering: HC-parkering
    • Raud markering: Parkering for blodgivarar
    • Blå markering: Parkering for besøkande med spesialbevis
    1. Hovudinngang
      Merk av- og påstiging "kyss og køyr sone" utanfor barne- og ungdomsavdelinga
    2. Administrasjonsbygget
    3. Akuttmottaket
    4. Alderspsykiatrisk døgn
    5. Alderspsykiatrisk poliklinikk
    6. Apotek
    7. Audiopedagogen
    8. Barne- og ungdomsavdelinga
    9. BUP
    10. Dagkirurgi Aust
    11. Habiliteringsbygget
    12. Kreftavdelinga
    13. Psykisk helsevern døgn
    14. Psykisk helsevern poliklinikk
    15. UPA
    16. Åse hotell
    17. Åsebøen 1
    18. Åsebøen 5

    Besøkande ved habiliteringsbygget, pårørande til barn ved audiopedagogen og barne- og ungdomsavdelinga kan få spesialbevis ved å ta kontakt med avdelingane.  

    ​Vi har fått ladestasjonar for el-bil ved alle dei fire sjukehusa. Her finn du ladestasjonen ved ditt sjukehus:

    No kan du lade el-bilen ved sjukehusa

    Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon om pasientreiser finn du på helsenorge.no

    Buss

    Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved sjukehuset i Volda og i Ålesund. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. I Molde og Kristiansund går ikkje Fram Ekspress til sjukehusa, men korresponderer med bybuss i begge byane.

    Fly
    Molde lufthavn, Årø ligg om lag 7 km frå Molde sjukehus.

    Kristiansund lufthavn, Kverberget ligg om lag 8 km frå Kristiansund sjukehus.

    Ørsta-Volda lufthamn, Hovden ligg om lag 8 km frå Volda sjukehus

    Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
     
    Praktisk informasjon

    ​Skulle du ha behov for å endre time kan du ringe:

    • Avdeling for radiologi, Ålesund sjukehus på telefon 70 10 55 40 70 10 55 41  mandag - fredag i tidsrommet 08:00 - 15:30.
    • Nukleærmedisin på telefon 70 10 56 27  mandag - fredag i tidsrommet 07:30 - 15:00.

    Det er viktig at du ringer så snart som råd dersom oppsett time ikkje passer. Unytta timar som ikkje er varsla blir fakturert. 

    ​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

    Les om kva vi gjer for barn og ungdom som er pårørande

    Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på sjukehuset. Sjå etter HMNGuest på mobil eller datamaskin.

    Gjestenettet HMNGuest er opent tilgjengeleg, uten bruk av passord.

    ​Vi ber om avgrensa bruk av parfyme, då det er mange av pasientane våre som reagerer på dette.

    ​Dette gjeld også ved poliklinisk time på sjukehuset. ​

    ​​​Næraste alternativ for pasientar og pårørande som treng overnatting er pasienthotellet på Åse.

    Åse hotell

    Treng du nokon å snakke med? ​
    Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

    Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

    Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

    Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

    ​Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.

    Opningstid

    07.30–15.30

    ​Apoteket ligg på nordsida av sjukehuset, nær inngangen til poliklinikkane.

    Opningstider og kontaktinformasjon finn du på sjukehusapoteket sine sider

    Kantina​

    Vi har god heimelaga mat, varme og kalde rettar, til gode prisar.​

    Du finn oss​ i 1. etasje. Velkomen!

    Opningstider:

    • Måndag til fredag: kl 09.00 - 15.00
    • Helg og høgtid: stengt

    Kios​k

    I tillegg har vi kiosk i hovedvestibylen ved sjukehuset. 

    Opningstider:

    • Måndag til fredag: kl 07.00 - 20.00
    • Laurdag og søndag: 12.00 - 18.00
    • Raude dagar: 10.00 - 18.00

    ​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

    Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.

    Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.

  • Kontakt Radiologi Molde

    Oppmøtestad

    Møt opp på barneavdelinga for nødvendig førebuing til undersøkinga.  
    Molde sjukehus med en plen foran seg

    Molde sjukehus

    Parkveien 84

    6407 Molde

    Transport

    Besøksparkering på tilvist stad på sjukehusområdet.

    • Kjøp billett på parkeringsautomat eller i EasyPark-appen ved ankomst
    • Vi anbefaler betaling med kort framfor mynt. Då kan du velje P-tid med god margin slik at du unngår stress for å nå parkeringstida. Kjem du tilbake før utløpt tid kan du avslutte ved å sette inn kortet igjen. Du betaler då kun for brukt parkeringstid
    • Det er også mogleg å betale med mynt, men då må du tilbake til automaten viss du må forlenge parkeringstida. Du får heller ikkje refundert beløp om du forlater plassen tidlegare
    • Appen EasyPark er også eit godt betalingalternativ
    Flyfoto med markerte område for parkering og inngangar til Molde sjukehus

    Markerte område på bildet

    A: Hovudinngang

    B: Infosenter - poliklinikkar og høyrselssentral

    C: ØNH, tann/kjevekirurgi, blodbank

    D: Akutt psykisk helse, BUA Lundavang

    E: Patologi, kapell

    F: Fysioterapi, auditorium

    G: Mammografi, MR

    H: Sjukehusapoteket

    Grøn markering: Parkering for besøkande, mot avgift

    Lys blå markering: Parkering for besøkande, maks 30 minutt, ingen avgift

    Oransje markering: Parkering for forflytningshemmede med off. parkeringstilatelse, ingen avgift

    Raud markering: Parkering for blodgivarar

    ​Vi har fått ladestasjonar for el-bil ved alle dei fire sjukehusa. Her finn du ladestasjonen ved ditt sjukehus:

    No kan du lade el-bilen ved sjukehusa

    Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon om pasientreiser finn du på helsenorge.no

    Buss

    Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved sjukehuset i Volda og i Ålesund. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. I Molde og Kristiansund går ikkje Fram Ekspress til sjukehusa, men korresponderer med bybuss i begge byane.

    Fly
    Molde lufthavn, Årø ligg om lag 7 km frå Molde sjukehus.

    Kristiansund lufthavn, Kverberget ligg om lag 8 km frå Kristiansund sjukehus.

    Ørsta-Volda lufthamn, Hovden ligg om lag 8 km frå Volda sjukehus

    Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
     
    Praktisk informasjon

    ​Skulle du ha behov for å endre time kan du ringe avdeling for radiologi, Molde sjukehus på telefon 71 12 23 95 mandag - fredag i tidsrommet 09:00 - 15:00.

    Det er viktig at du ringer så snart som råd dersom oppsett time ikkje passer. Unytta timar som ikkje er varsla blir fakturert. 

    ​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

    Les om kva vi gjer for barn og ungdom som er pårørande

    Mandag-fredag: kl. 17.00-19.00

    Laurdag-søndag: kl 16.00-18.00 

    Ta kontakt med den aktuelle avdelinga før besøket. 

    Har du andre spørsmål om besøkstider, kontakt den sengeposten det gjeld eller Helse Møre og Romsdal sitt sentralbord, tlf.  71 12 00 00

    Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på sjukehuset. Sjå etter HMNGuest på mobil eller datamaskin.

    Gjestenettet HMNGuest er opent tilgjengeleg, uten bruk av passord.

    ​Vi ber om avgrensa bruk av parfyme, då det er mange av pasientane våre som reagerer på dette.

    ​Dette gjeld også ved poliklinisk time på sjukehuset. ​

    Treng du nokon å snakke med? ​
    Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

    Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

    Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

    Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

    ​Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.

    Opningstid

    Kvardagar: 07.30–21.00

    Laurdag og søndag: 10.00–19.00

    Kantina​

    Vi har god heimelaga mat, varme og kalde rettar, til gode prisar.​

    Du finn oss​ i sokkeletasjen (aust). Velkomen!

    Opningstider:

    • Måndag til fredag: 09.00 - 15.30
    • Laurdag og søndag: stengt