I utgreiing av eventuell svangerskapsdiabetes er det to prøvar eller undersøkingar som er aktuelle: Måling av langtidsblodsukkerverdi og glukosebelastningstest:
HbA1c - Måling av langtidsblodsukkerverdi
Det er anbefalast blodprøve med måling av langtidsblodsukkerverdi (HbA1c) dersom du:
- Har hatt svangerskapsdiabetes i tidlegare svangerskap
- Har foreldrer med diabetes
- Har etnisk bakgrunn frå land utanfor Europa
- Har BMI/kroppsmasseindeks over 30
Blodprøven bør helst bli tatt før svangerskapsveke 12. Dersom resultatet viser verdiar utanfor normalverdi, anbefaler vi at du begynner med eigenmåling av blodsukkerverdiane . Du vil få opplæring i dette. Du vil også få opplæring og råd om kosthald og fysisk aktivitet. Fastlege eller jordmor med ansvar for svangerskapskontrollane dine vil legge ein plan for vidare oppfølging og informere deg om den.
Dersom blodprøven viser at langtidsblodsukkerverdiane var forhøga, treng du ikkje å ta glukosebelastningstest.
Glukosebelastningstest
Ein glukose- eller sukkerbelastningstest viser kroppen sin evne til å regulere blodsukkernivået. Undersøkinga blir brukt til å stille diagnosen diabetes.
Glukosebelastningstest blir anbefalt i veke 24-28 for:
- førstegangsfødande over 25 år
- fleirgongsfødande over 40 år
- kvinner med BMI over 25 ved svangerskapets begynnelse
- kvinner med foreldrer med diabetes
- kvinner som har hatt svangerskapsdiabetes i tidlegare svangerskap
- kvinner som har etnisk bakgrunn utanfor Europa
Dersom testen er normal treng du ikkje å ta glukosebelastningtest igjen sjølv om det seinare i svangerskapet er sukker i urinprøvane dine.
Dersom langtidsblodsukkerverdiane (HbA1c) ved blodprøven var utanfor normalverdi, treng du ikkje å ta glukosebelastningstest.