- Du må ha smarttelefon, nettbrett eller PC, då tilbodet er nettbasert.
- Du må ha Bank-ID, då du må legitimere deg når du går inn på Tinnituskaka.
Du får ein sms når vi mottek tilvisinga og registrerer deg i Tinnituskaka. I sms-en er det lenke til Tinnituskaka der du skal utføre tre ting som du finn under menyen Introduksjon:
- Sjå ein presentasjonsvideo av opplegget
- Svare på eit digitalt spørreskjema, Tinnitus Handicap Inventory (THI)
- Melde deg på eit 6-timars introduksjonskurs til Tinnituskaka. Du kan velje mellom nettbasert eller fysisk frammøte ved Sjukehuset Nordmøre og Romsdal på Hjelset. Vi tilrår nettbasert då det blir halde kvar månad (med eventult unntak under ferie) og du slepp å reise.

Den dagen du er med på introduksjonskurset til Tinnituskaka blir heile tilbodet i Tinnituskaka opna for deg. I utgangspunktet har du tilgang til Tinnituskaka i eitt år, men det kan vi forlenge ved behov.
Tips
Du kan legge til Tinnituskaka som snarveg på hjem-skjemen på mobil eller på skrivebordet på PC/Mac for enkel tilgang til sida. Snarvegen legg seg som eit ikon med bokstaven H og teksten Helse Midt-Norge.


