test

Årsmelding 2021 forsking, innovasjon, utdanning og kompetanse

Seksjon for utdanning og kompetanse og Seksjon for forsking og innovasjon presenterer nokre høgdepunkt frå sine felt i 2021.

​​

Forord

Kjære alle saman No har vi lagt bak oss 2021, eit år prega av pandemi, men på ein annan måte enn i 2020. Vi augnar no at samfunnet opnar opp, vi får betre kontroll på livet att, men samstundes ser vi mørke skyer i horisonten. Heldigvis er det svært mykje glede i god forsking og utdanning. I føretaket er «forskarane» over tid vorte meir synlege. Forskinga i HMR er nært knytt til klinikk, «forskaren» har klinisk jobb som hovudstilling. Det er ein styrke, men og ein utfordring. Korleis skal HMR best lukkast med å følgje opp krava som vert stilt frå samfunnet. Kravet om å integrere forsking slik at den smeltar saman med klinisk drift, krav om auka tal på kliniske behandlingsstudiar, krav om å bruke meir forskingskompetanse integrert med problemstillingar vi handterer.
Les heile forordet her
Utdanningssjef Guro Berge og forskingssjef Dag Arne L. Hoff

Nøkkeltall

Fem av tolv prosjekt frå HMR fekk regionale forskingsmidlar

3.november 2021 var det møte i Samarbeidsorganet, og økonomisk støtte til forsking var ein av sakene. HMR hadde 12 søknadar og heile 5 av prosjekta fekk finansiering – i knivskarp konkurranse med St. Olav, HNT og universitets- og høgskulesektoren
Les meir om prosjekta her
Tildelinger samarbeidsorganet 2021

Eit tilbakeblikk på 2021 i eit VirtSim perspektiv

Til trass for pågåande pandemi, så har 2021 bydd på mange høgdepunkt innan simulering. Sjølv om pandmien har lagt ein demper på fysiske samankomstar så har VirtSim nok ein gong hatt eit innhaldsrikt år der dette har vore blant høgdepunkta
Les heile saka
En gruppe mennesker på et sykehus

Glimt frå 2021

  • Forskarsamling Glomset 2021
    23. mars 2022
    Forskarsamling på Glomset, 15. – 16. november 2021

    Hensikta med samlinga var at forskarar i føretaket kunne samlast og saman diskutera korleis vi ynskjer å organisere forskinga i føretaket, og kva for tiltak som er nødvendig for å kome dit vi vil.

  • 4. mars 2022
    Historisk satsing på jordmødre

    Det er stor mangel på jordmødre, og det viktigste grepet vi tar for sikre framtida er å gi utdanningsstipend med 100 % lønn under utdanning, seier adm.dir Øyvind Bakke. Helseføretaket lyste ut ti utdanningsstipend med oppstart august 2021.

  • En person i en sykehusseng;
    3. mars 2022
    Rett kompetanse til rett tid på rett stad

    Sengepostar som arena for oppgåvegliding, kompetansebygging og praksisstudiar

  • En liten øy med en plante som vokser ut av den
    8. februar 2022
    Utdanningsmidlar tildelt i HMR

    -Her finansierer vi ulike aktivitetar som skal bidra til å utvikle kapasitet og kvalitet i arbeidet med studentar i føretaket. Det har eg trua på, seier Berge.

  • En person som holder en glødende kule
    3. februar 2022
    Spanande og lærerike førelesningar

    Helseforsking - frå idé til prosjektprotokoll/artikkel: ei vidareutdanning med fokus på utforming av ein god forskingsprotokoll

  • Erland Hermansen
    6. august 2021
    Stor nasjonal ryggstudie leia frå Ålesund viser mykje overbehandling

    Nordsten-studien, som har vore leia av kirurg Erland Hermansen, publiserast no i eit av de mest anerkjende medisinske tidsskrifta; The New England Journal of Medicine. Resultat frå studien kan føre til endra praksis på sjukehus over heile verda.

Norske studiar kan endre leddgiktsbehandling

Revmatologisk avdeling i Ålesund har i over 10 år bidrege i fleire store multisenterstudiar, og har på denne måten gitt sine pasientar moglegheita til å ta i bruk nye behandlingsmetodar. I mai 2021 fekk to av studiane, Arctic Rewind og Nor-Drum, sine resultat publisert i det svært anerkjente tidsskriftet JAMA.
Les meir om studiane
Studieteamet: Hallvard Fremstad, Maud-Kristine Aga Ljoså og Hanne Ødegård.

FORSKING OG INNOVASJON

I Helse Møre og Romsdal er det  eit aktivt forskarmiljø. Forsking og innovasjon skal bidra til ny kunnskap om helse og sjukdom, og auke kvaliteten på behandlinga pasienten får.
Les meir og kontakt seksjon for forsking og utdanning


 

UTDANNING AV HELSEPERSONELL 

Helsepersonell si utdanning og kompetanse skal svare på innbyggjarane sine behov og vere kunnskapsbasert, relevant og ha god kvalitet.
Les meir og kontakt seksjon for utdanning og kompetanseutvikling

Sist oppdatert 07.02.2023