Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Forskingsnyheiter, psykiatri

Molde-forskar briljerte under internasjonal forskingskonferanse

- Eg er stolt av å bli framheva på den måten. Det er ein anerkjenning av det lokale og nasjonale forskingsnettverket vårt, seier psykologspesialist og forskar Håvard Berg Opstad.

Petter Bjørklund
Publisert 25.10.2023
En mann som smiler til kameraet
Psykologspesialist Håvard Berg Opstad (Foto: Petter Bjørklund/HMR)

Seksjon for forsking og innovasjon gratulerar så mykje til Håvard Berg Opstad som vann pris for beste poster under forskingskonferansen til EABCT (European Assocation for Behavioral and Cognitive Therapies)!

Opstad er psykologspesialist ved Knausensenteret i Molde og ein del av forskingsgruppa for OCD og angstlidingar i Helse Møre og Romsdal.

EABCT-konferansen samlar forskarar, klinikarar og studentar frå heile Europa og verda for å diskutere nye framskritt innan kognitiv atferdsterapi (KAT). Her konkurrererte Opstad mot over 120 deltakarar verda over.

- Eg er stolt av å bli framheva på den måten. Det er ein anerkjenning til heile forskingsnettverket vår, både lokalt i Molde og 4-dagarsmiljøet i Bergen som vart starta av Gerd Kvale og Bjarne Hansen, fortel Opstad.

For tida held han på med ein doktorgrad ved NTNU der han undersøker faktorar som påverkar behandlingseffekten av såkalla "4-dagarsbehandling" på OCD. Studien han vann pris for er ein av tre artiklar som vil inngå i graden hans.

Forventingar og truverd til behandlinga påverkar effekt

En mann som står ved siden av en stor skjerm
Opstad presenterer forskinga si under konferansen (Foto: Privat)

Å forske på slike faktorar er sentralt for å forstå verknadsmekanismane av behandlinga og sjølve lidinga, fortel Opstad. På sikt vil det kunne føre til betre behandling av psykiske lidingar.

Den presenterte studien undersøkte om pasientars forventingar og truverd til såkalla "4-dagersbehandling" mot OCD kan føresei om dei vart betre av behandlinga eller ikkje. 

- Å auke forståinga av kva faktorar som bidrar til vellukka behandling kan mellom anna hjelpe behandlarar å identifiserer pasientar som kan dra nytte av behandlinga, tilpasse behandlingsplanar meir effektivt, og vidareutvikling av andre behandlingsmåtar.

Resultat viser at slike forventingar kan ha mykje å seie for kor frisk pasienten blir etter desse fire dagane.

- Dei som var mest innstilt på å gjennomføre heile behandlinga og som hadde mest tru på at den ville vere til hjelp, vart også friskare til slutt. Dette er relevant for klinisk praksis ettersom aukt fokus på pasientar forventingar synast å vere viktig, og kan i beste fall leie til betre behandling.

Solide bidrag frå psykologimiljøet i Molde

Opstad var ikke den einaste som stilte med solide bidrag under konferansen. Saman med han var psykologspesialistar Kristian August Tjelle og Thorstein Olsen Eide til stades under konferansen for å vise fram forskinga deira.

- Det har vore ein veldig kjekk og ikkje minst, lærerik oppleving å få delta på kongressen. Vi opplevde stor interesse frå fleire dyktige og anerkjente forskarar frå heile verda under våre framlegg, seier Tjelle.

En gruppe menn som poserer for et bilde
Frå venstre: Opstad stilte til konferansen samans med forskarkollegaene Kristian August Tjelle og Thorstein Olsen Eide. Saman er dei ein del av forskingsgruppa for OCD og angstlidingar, som leiast av psykologspesialist Kristen Hagen (ikkje avbilda) (Foto: Privat)

Saman med forskingsgruppeleiar og psykologspesialist Kristen Hagen har Opstad, Tjelle og Eide tidlegare rapportert resultat frå forskingsgruppa frå Molde.

En mann som står foran en stor skjerm
Arbeidet til Eide fekk stor merksemd nasjonalt og internasjonalt tidlegare i år (Foto: Privat)

Forskinga til Eide fekk mellom anna stor merksemd i nasjonale og internasjonale medier, til dømes Dagens Medisin og svenske Aftonbladet.

Fleire artiklar frå gruppa er nå sendt inn til publisering. Ei lita smakebit frå Tjelle er at resultata fortsatt er av høg internasjonal standard.

 - Mellom anna er min andre artikkel nå innsendt og avventar reviewprosess før publisering. Der undersøker vi ytterlegare korleis effekten av 4-dagarsbehandlinga går føre seg ved panikklidelser, sier psykolog Thorstein Olsen Eide.

​Vil du vite meir om forskingsrelatert aktivitet knytt til Helse Møre og Romsdal? Følg @forsking_hmr på Instagram.​

 

 

 

En mann som står ved siden av en stor skjerm
Saman med Opstad og Eide stilte Tjelle med solide bidrag under EABCT-konferansen (Foto: Privat)