Forskingsnyheiter
Researchers’ Night: Forskingsformidling til ungdomar
Fredag 26. september var det nok ein gong duka for Researchers’ Night på Atlanterhavsparken i Ålesund. Arrangementet var ein del av Forskningsdagene 2025, og årets tema var tryggleik.

Researchers’ Night blir alltid arrangert siste fredag i september, og er kjent som Undomens forskarnatt. Meir enn 500 gjester besøkte oss denne kvelden, med so mange som 20 påmeldte klasser frå nærliggande ungdoms- og vidaregåande skular. Det var mange nysgjerrige ungdomar som gjekk rundt og fekk høyre om relevant forsking frå ulike fagfelt.
Helse Møre og Romsdal stilte med tre standar denne kvelden. Dei som deltok var:
- Katarina Mølseæter, spesialrådgivar og ph.d.-student, som forklarte korleis ein kan nytte restmateriale frå fisk til å lage tilskot med helsebringande effet.
- Sam Narimani, ph.d-student frå forskargruppa AIMI (Artificial Intelligence in Medical Imaging), om bruk av kunstig intelligens i helsetenesta, med fokus på IMAGINE-prosjektet kor han jobbar med brystkreft.
- Øystein Bjelland frå Ålesund Biomechanics Lab om simulering i ortopedien. Her fekk ungdomane prøve simulering av ein meniskundersøking i forbindelse med kneartoskopi.
På dei andre standane kunne dei besøkande få teste blodtypen sin, lage is med flytande nitrogen, smake på sashimi og møte politi og brannvesen, for å nemne noko.
Målet med arrangementet var å stimulere til begeistring, forståing og entusiasme for forsking, samt å vise samanhengen mellom forsking, innovasjon og næringsliv.
Helse Møre og Romsdal samarbeida med NTNU, Møreforsking, SINTEF og Atlanterhavsparken Vitensenter.




Vil du vite meir om forskingsrelatert aktivitet knytt til Helse Møre og Romsdal? Følg @forsking_hmr på Instagram.