Barneblikk familieteam - til støtte for heile familien

Familieteamet i Molde har starta opp. Jordmor og los Ingeborg Hjertvik og medlos Siv Kvamme ved familieteamet fortel om Barneblikk si målgruppe, korleis dei arbeider og kva dei har å tilby.

PResis, Linnea Vasstrand Nordås
Publisert 25.02.2019
Sist oppdatert 27.05.2020
En gruppe kvinner som poserer for et bilde
Barneblikk familieteam i Molde

​Barneblikk familieteam Molde er eit tilbod for familiar som er eller har vore berørt av rus- eller psykiske vanskar. Tilbodet et for heile familien, barnet, mor, far, søsken og andre nære. Familiteamet består difor av eit breitt utval av faggrupper og ekspertise. Med dette ønsker dei å hjelpe målgruppa med meistring på alle nivå; i kvardagen, foreldrerolla, familierolla og i eige liv. Jordmor og los Ingeborg Hjertvik og los Siv Kvamme er blant dei som jobbar i familieteamet.

- Eg jobbar som representant i forhold til rusbehandling og ruskompetanse. Eg er utdanna familieterapeut og kan bidra med rettleiing på familieforhold og ruskompetanse, forklarer Kvamme om si rolle i familieteamet.

Som Jordmor og los er Ingeborg Hjertvik sine arbeidsoppgåver å vere fagkoordinator og los. Jobben vil dermed bestå av å vere ei støtte for familiar med utfordringar og å knyte familien opp mot andre tenestar og hjelpetiltak det er behov for.

Målgruppe

Mange kan kjenne på både glede og utryggheit når dei får barn, og det kan vere godt å ha nokon å snakke med om forventningar og det ein grublar på. Målgruppa til barneblikk er gravide og småbarnsfamiliar med utfordingar knytt til psykisk helse eller rusmiddelbruk. Det kan vere eksisterande utfordringar, men utfordringar som ligg tilbake i tid kan også dukke opp ved viktige hendingar, som det å få barn.

- Når nokon i ein familie strevar, påverkar det alle i familien, difor ønsker vi å vere ei støtte for heile familien. Heile tanken bak Barneblikk er at vi skal prøve å nå dei familiane som har byrjande utfordringar, eller risiko, så tidleg at vi hindrar vidare utvikling av problem som skadar familien og barnet, forklarer Siv Kvamme.

Barn merker når foreldra ikkje har det bra, og vil automatisk prøve å tilpasse seg dette. Nokre gongar kan dette føre til ei  uheldig utvikling for barnet. Barneblikk familieteam skal difor vere eit tilbod før dette skjer, og kan følge familien frå graviditet fram til barnet startar i skulen. Familien får dermed god tid til å bli kjent med losane. Familieteamet skal kjenne familien sin situasjon og vere limet og sørge for kontinuitet i overgangar mellom ei teneste til ei anna.

Tilgjengeleg hjelp

I samarbeid med familien ønsker Barneblikk å gje barnet ein best mogleg start på livet. Då er det viktig at foreldre kan oppleve meistring av foreldrerolla, familielivet og eigne liv.

- Heile poenget er at vi skal vere tilgjengelege i det familien har behov for. Det kan vi for eksempel gjere gjennom dialog om svangerskap, barnet eller eige liv. Rettleiing til utfordringar familien kan møte på, konkrete råd til kvardagslivet eller hjelp til kontakt med andre hjelpetenester, forklarer los Ingeborg Hjertvik.

Lågterskel

Barneblikk når for det meste målgruppa si gjennom førespurnad frå for eksempel helsestasjonen. Siv Kvamme understrekar at Barneblikk er eit frivillig lågterskeltilbod, der familien sjølv må godkjenne førespurnad til Barneblikk. Det er ikkje naudsynt med tilvising.

- Barneblikk skal vere så lågterskel at familiar som har behov for vår hjelp kan ta kontakt sjølv, forklarer Siv Kvamme.

Har trua

Eit familietilbod med tilsette frå kommunen og helseføretaket er nytt i Møre og Romsdal. Barneblikk familieteamet er fortsatt i ein tidleg fase i etableringa, men dei har allereie eit godt utgangspunkt for vidare arbeid.

- Det har lenge vore familiar som ikkje har fått den hjelpa dei treng fordi det ikkje har vore noko tilbod som Barneblikk. Å etablere Barneblikk i Molde har vore både spennande og krevjande. Vi har trua på at dette kjem til å bli bra, uttaler Ingeborg Hjertvik.

No gler dei seg til å ta imot familiane i dei nye og hyggelege lokala som ligg i underetasjen til helsestasjonen.