Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Barneblikk har hatt besøk

Barneblikk fekk 2. oktober besøk av barnekoordinatorene frå Oslo Universitetssykehus og Sørlandet sjukehus for å dele erfaringar om korleis styrke tilbodet til gravide og familiar med små barn kor det er rus eller psykiske vanskar.

Mette Grytten
Publisert 25.10.2017
Sist oppdatert 27.05.2020
En gruppe kvinner som poserer for et bilde på et fjell
Koordinator Trude Aamotsmo fra Oslo Universitetssykehus, koordinator Siren Wetrhus Knutsen fra Sørlandet Sykehus og koordinator Helse Møre og Romsdal.

​Det var Trude Aamotsmo frå Oslo Universitetssjukehus og Siren Wetrhus Knutsen frå Sørlandet sykehus  som møtte Barneblikk sin koordinator Mette Grytten og 11 andre involverte i Barneblikk til ein lærerik dag.

Forløp

Sørlandet sjukehus har opplevd at tverrfagleg samarbeid kan være utfordrande, men heilt avgjerande for familiar med utfrodringar i forhold til rus eller psykiske vanskar. Dei har i samarbeid med Kristiansand kommune utarbeida eit oversiktleg forløp for oppfølginga til barn som blir eksponert for rus i svangerskapet. Forløpet viser ansvarsfordelinga med kontaktinformasjon og kva tiltak som skal verdsettast når rus vert avdekka. Forløpet er eit godt innspel til Barneblikk-satsinga som planlegge å utarbeide noko tilsvarande.
Etter 2 års drift opplever koordinator Siren Wetrhus behov for å styrke forankringa i kommunal sektor og vurderer ei kartlegging av tenestetilbodet etter mal frå Møre og Romsdal.

Ambulant team

Oslo Universitetssjukehus etablerte Tverrfaglig familiestøtte i 2014. Dette er eit treårig samhandlingsprosjekt (2014-2017) mellom Oslo universitetssykehus (OUS), Bydel Sagene og Barne- og familieetaten (BFE). Gjennom prosjektet utvikla dei eit utøvande team med stor tilgjengelegheit for familiar kor det er rus eller psykiske vanskar.
Ambulant teneste og telefonkontakt har vore sentrale suksessfaktorar. Foreldra har fått god rettleiing i å sjå barna sine signal og vore svært nøgd med tilbodet. Prosjektet var basert på tilskotsmidlar og prosjektorganisering og prosjektperioden vert avslutta i 2017. Sjølv om resultata er gode er det utfordrande å inkludere tiltaket inn i ordinær drift. Antakeleg vil aktiviteten bli slått saman med andre tiltak i helseføretaket eller kommunen.   

Barneblikk

Barneblikk-satsinga i Møre og Romsdal skal etablere tverrfaglege familieteam i kommunane til gravid og småbarnsfamiliar som omfattast av moderate rus eller psykiske vanskar. Ein har valt ein litt anna framgangsmåte på forankring og kartlegging. I Møre og Romsdal ser ein på forankring som ein tidkrevjande, men naudsynt, prosess for å få til eit varig tilbod med eit godt samarbeid mellom kommunane og helseføretaket. Tenkinga kring forløp frå Sørlandet Sjukehus og dei gode erfaringane med ambulant teneste frå Oslo Universitetssykehus er viktige innspel til det vidare arbeidet i Barneblikk.