Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Barneblikkarane deler med kvarandre

-Men kva meiner dei i Molde da? -Det er vel det same som Kristiansund har gjort? -Er dette mogleg da?

Mette Grytten
Publisert 14.02.2018
Sist oppdatert 27.05.2020
Diagram
Barneblikkarane deler med kvarandre

​I Barneblikk-satsinga er tverrfaglege prosessgrupper på 12 -15 tenester i gang med å utforme tverrfaglege familieteam som skal hjelpe gravide og småbarnsfamiliar som omfattast av rus eller psykiske vanskar. Sitata var typiske på dei første møta i prosessgruppene, medan engasjementet rundt nytenking og innovative løysingar har overtatt skepsisen.

Dele tankar

25.mai møtes alle involverte i Barneblikk-satsinga for å dele med kvarandre; kva treng vi i Ålesund? korleis vil ein organisere familieteamet i Molde? korleis kan spesialisthelsetenest involverast i Kristiansund? kva er bakgrunnen for valga Ulstein gjer for sin tverrfaglege helsestasjon? kva tenker erfaringsrepresentantane om korleis brukermedverknad kan ivaretakast?

Kvar av dei fire pilotane som er nevnd over, har nokre særtrekk, medan enkelte utfordringar er like. Forslag til organisering av familieteama byrjar å ta form, og det vert søkt tilskotsmidlar for å prøve ut modellane frå hausten 2018. I samband med dette vil prosessgruppene ha nytte av å dele erfaringar med kvarandre, få innspel på lokale utfordringar og samlast om nokre fellestrekk.

Prosessgruppene, styringsgruppa, Leger med barneblikk, og andre involverte møtast på Scandic Seilet i Molde 25.mai for å hjelpe kvarandre med eit heilskapleg og framtidsretta tilbud til familiar som slit.


Link til invitasjonen!