Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Dei negative kjenslene av å bli forelder

Alle snakkar om eventyret det er å få barn. Dei beskriv den store lukka og den store kjærleiken som kjem saman med barnet sjølv. Søvnlause netter er ein kjent konsekvens, men kjærleiken til barnet overdøyver alt. Eller, gjer den eigentleg det?

Ingvild Brynildsen
Publisert 15.05.2018
Sist oppdatert 27.05.2020
En person med rosa skjorte
NRK dokumentaren Mammasjokket Illustrasjon: NRK

​Å bli forelder er eit eventyr på mange måtar. Men alle eventyr er ikkje berre fylt med hygge og kos. Akkurat som vegen til den lukkelege slutten i eventyr, må ein forbi ei rekkje hinder. Hindera det er snakk om er langt meir krevjande enn hindera i eventyr. Problemet er berre at ingen snakkar om dei.

Ikkje berre eit lukkeleg eventyr

Det er viktig å setje lys på at det å bli forelder er langt meir enn berre dei fantastiske kjenslene folk snakkar om. Mange opplev dei negative kjenslene som kan kome og gjere kvardagen til noko heilt anna enn eit lukkeleg eventyr.

Kva skjer når ein nettopp har fått baby og ein ikkje følar lukka alle snakkar om? Kva for ei mor eller far er du om du ikkje taklar dei sterke kjenslene? Eller om redselen og utryggheita tek overhand og får hovudet til å gå i spinn heilt til du støytar på veggen? Kva gjorde du feil? Og korleis skal du no takle alle kva, om, dersom-tankane som no føljar på?

"Mammasjokket"

NRK har satt lys på desse kjensla og laga ein dokumentar dei har kalla "Mammasjokket", og har også skrive en artikkel basert på denne dokumentaren. (Sjå link til dokumentaren og artikkelen i slutten av saka.) I dokumentaren snakkar nokre kvinner om korleis deira oppleving av det å bli mor har vore, med fokus på dei litt meir tabulagde, men også naturlege kjenslene ein opplever og korleis dei har takla det.

Bodskapen er å normalisere dei negative kjenslene, skape tryggleik og å fremje behovet for førebuing for kommande foreldre. Både mor og far.

Søk hjelp

Kjenner du deg igjen i kjenslene og temaet beskrive her og i NRK sin dokumentar? Det beste ein kan gjere for ein sjølv og sin familie, er å søke hjelp. Snakk med fastlege eller helsestasjon om utfordringane dine, og dei vil syte for at du får vidare oppfølging tilpassa dine behov.

Sjå NRK-dokumentaren "Mammasjokket" her.

Les NRK artikkelen "Mammasjokket" her.