Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Deprimerte føresette treng hjelp med barneoppsedinga

Ny amerikansk forsking viser at om mor eller far lider av depresjon, påverkar dette barneoppsedinga mykje om dei ikkje har eit godt støtteapparat.

Pernille Louise Røe
Publisert 04.05.2018
Sist oppdatert 27.05.2020
Illustrasjonsfoto: Colorbox

Studien undersøkte 591 småbarnsfamiliar i tre etappar til borne vart fylt to år. Han undersøkte born som vart adopterte fordi psykiske plagar ofte kan vere arvelege, slik at arv ikkje kunne vere ein mogleg årsak i desse tilfella.

Åtferdsproblem

Studien viste at om ein av føresette slit med depresjon, vil dette slå ut som åtferdsproblem  hos barnet i to års alder. Om foreldra er nøgde med støtta dei får av familie, venar eller andre instansar, har ikkje lenger depresjonen negativ innverknad på barnets oppseding og åtferd.
 
Barnepsykolog og forskar John Kjøbli utdjupar i ein kommentar til Forskning.no:
 
– Det som skjer når en mor eller far er deprimert er ofte at de ikke klarer å være de gode foreldrene de gjerne vil være. De klarer ikke å rose barnet. Og de klarer ikke å sette grenser. De blir bare en passiv figur som bare sitter der.
 

Tydeleg samanheng

Postdoktor Wendy Nilsen har også forska på samanhengen mellom depresjon og oppseding, men ikkje konkret på adoptivbarn. I si doktorgradsstudie fann ho at “barn med mødre som rapporterte om psykiske problemer i de første par leveårene, hadde høyere risiko for depresjon i ungdomsårene.” Når ein både veit at depresjon er arveleg og at det kan påverke oppsedinga vert det ekstra viktig å gi støtte til føresette som slit med depresjon, så tidleg som mogleg.
 

Ein god kjelde

Forskning.no er ei nettavis der ein kan finne artiklar om nasjonal og internasjonal forsking. Dei dekkjer fleire fagfelt, blant anna helse. Det er ei fin kjelde til å halde seg oppdatert om relevant forsking for helsepersonell.


Kjelder:

Deprimerte foreldre trenger støtte fra hverandre

Mor og barn kan påvirke hverandres psykiske helse