Slik kan fastlegen hjelpe barn med sjuke foreldre

Barn som bor i familiar med ein sjuk eller stoffmisbrukande forelder opplever ikkje ein føreseieleg kvardag og dei har ofte eigne helseproblem.

Jan Ole Bolsø
Publisert 24.08.2017
Sist oppdatert 27.05.2020

​Til tross for gode hensikter klarer foreldra ikkje alltid å skape ein god kvardag. Fastlegane er redde for å ta opp eit sensitivt tema og dermed legge stein til byrden, men både foreldra og ungdommane  meiner at det er heilt greitt at fastlegane tek opp foreldra sin sjukdom.

Dette kjem fram i Frøydis Gullbrå sin doktorgrad “Children as next of kin and the general practitioner: A qualitative study about the general practitioner’s opportunities to help” ved Universitetet i Bergen. Den undersøker kva fastleger, barn av sjuke foreldre og sjuke foreldre tenker om korleis fastlegen kan hjelpe barn som pårørande. Gullbrå er spesialist i allmennmedisin og fastlege og kommuneoverlege i Modalen.

Dei usynlege barna

Gullbrå ynskte å finne ut kva som var mogleg for fastlegane å bidra med. Ho hadde djupneintervju med barn av sjuke foreldre, de sjuke foreldra og fastlegane. Foreldra var enten psykisk sjuke, hadde rusproblem eller kreft. Gullbrå fortel at barn av sjuke foreldre ofte blir kalla for «dei usynlege barna».

I intervjua med fastlegene kom det også fram at desse barna ofte vert oversett. Barna fant det vanskelig å ta opp spørsmål om situasjon heime sjølv om dei hadde behov for støtte og opplysningar om foreldra sin situasjon. Fleire uttrykte eit behov for å få hjelp av ein dei stolte på.
Foreldra uttrykte det same behovet for å få hjelp til å informere sine barn, men var også nokre gonger motvillige til å ta opp heime-situasjonen med legen.

Legane meinte at dei var i stand til å identifisere barn som trenger støtte og å gi råd til foreldra.
Dei strukturelle ramane for allmennpraksis, med korte konsultasjonar og fokus på pasienten, var betydelige barrierar.

Rettleie om tilstanden

Gullberg meiner fastlegane med fordel kan bli modigare i møte med barn som dei veit er pårørande. Ofte er det ikkje så mye som skal til.
Det handlar om å være nysgjerrig. Fastlegane er i ein god posisjon til å identifisere dei som treng hjelp og kan tilvise dei vidare om dei ynskjer det. Dei kan også gi råd til foreldre som ofte ynskjer å lære om korleis dei skal snakke med barna og informasjon om hjelpetiltak og støttegrupper.
Barna som blei intervjua i doktorgradsarbeidet ga uttrykk for at det var godt å ha nokon å snakke med om det som var vanskelig, samtidig som de ynskte å bli sett på som normale ungdommar. Barna bekymra seg mykje for foreldra sin tilstand, og ga uttrykk for at de ynskte informasjon om sjukdommen.

Fastlegane er i en god posisjon til å rettleie om nettopp tilstanden til foreldra, men det er viktig at dette vert gjort med den sjuke forelderen sitt samtykke.

Viktig å være aktiv

Gullbrå påpeiker at dette er i utgangspunktet friske ungdommar, og at målet er å fange dei opp så tidleg som mogleg, før dei får eigne problem.
Desse barna er i ein risikogruppe for å få eigne problem seinare i livet. Som fastlege er det viktig å være aktiv på dette området. 

Her finner du Frøydis Gullbrå sin phd-oppgåve.