Gravide og LAR

Forskinga er sprikande om konsekvensane for barnet når mor bruker opioider under graviditet. Helsedirektoratet arrangerte difor ein konsensuskonferanse om gravide i legemiddelassistert rehabilitering (LAR) i Oslo 13. og 14. juni. Konferansen presenterte det ein veit i dag og eit konsensuspanel skal i etterkant vurdere om retningslinjene bør endras.

Mette Grytten
Publisert 26.06.2017
Sist oppdatert 25.04.2024

​Kva seier forskinga

Nokon studiar (ca. 20) indikerer en klar negativ effekt på barnet av opioideksponering under graviditet. Det gjeld psykomotoriske og kognitive ferdigheter, så vel som visuell funksjon, immunologisk status og total dødelegheit for barna. Andre studiar (ca. 17) viser effektar på langsiktig utfall, men resultantane ligger innanfor normalen. Effektar har også delvis forsvunne når resultantane er korrigert for samfunnsøkonomiske faktorar. Nokon studiar (ca. 11) finner ikkje negative effektar på barna.
Fleire av kvinnene brukte også andre illegale rusmidel som amfetamin og cannabis. Det kan difor være vanskelig å bevise kva som skyldast opioider aleine. Forskinga gir heller ikkje svar på om nedtrapping under svangerskapet ville bli en skadelig påkjenning for barnet.


Dagens retningslinjer er omdiskutert

«Eg krev at kvinner i LAR må gå på langtidsverkande prevensjon og eventuelt trappe ned før dei blir gravide» Barneombodet var tydelig i sine krav når retningslinjene om gravide i LAR skal revideras. Kvart år fødes 60 barn med abstinensar og barnombodet tok til orde for å endre norsk politikk og sette barna først.

På konferansen kom det fram at samtaler rundt prevensjon og foreldreskap har hatt liten plass i oppfølginga av kvinner i LAR, og at 70-80 % av graviditetane er planlagde.

Dagens retningslinjer anbefaler ikkje nedtrapping av den gravide kvinna av risiko for tilbakefall til rusmisbruk. Retningslinjene anbefaler også at barnet blir trappa ned etter fødsel fordi det gir betre kontroll med barnet sine reaksjonar.

Konsensuspanelet

Konsensuspanelet skal prøve å finne svar på:
- Kva seier forskinga om skader for det (u)fødet barnet, på kort og lang sikt?
- Bør kvinna trappes ned før, under eller etter svangerskapet?
- Bør det stilles krav til kvinner i LAR om langtidsverkende prevensjon?
- Kva er dei etiske dilemma i forhold til LAR under graviteten?
- Kva muligheiter og avgrensingar ligg i norske lovverk?

Nye retningslinjer

Det er forventa at nye retningslinjer skal vere klar innan utgangen av 2017. Enn så lenge er det dagens retningslinjer som gjelder. Det er i dag brei einigheit om at tett og tilrettelagt oppfølging har god effekt for foreldre som mottar behandling med opioider, og ikkje minst for barnet sine livsvilkår.