Melde avvik

Prosedyre for melding og handtering av avvik mellom kommunenene og helseforetaket. Alle tilsette som avdekker uønska hendingar har rett og plikt til å reagere ved å sette i verk strakstiltak for å redusere konsekvens av den uønska hendinga og melde frå om hendinga innan eiga eining. Leiarar er gitt ansvar for forsvarleg saksbehandling av meldinga med handtering på lågast mogleg nivå. Føremålet med avvikshandtering er forbetringsarbeid og erfaringsutveklsing.

Melde avvik

Lenke til digitalt skjema for fakturaklage (utskrivingsklare pasienter)

Lenke til nytt digitalt skjema for samhandlingsavvik


Altinn-hovedadministrator i kommune/legekontor gir tilgang for tilsett til aktuelle skjema.

Rettleiar til korleis ein tildeler tilgang til aktuelle skjema for fakturaklage og samhandlingsavvik

Alle tilsette som avdekker uønska hendingar har rett og plikt til å reagere ved å:
  • sette i verk strakstiltak for å redusere skade/ konsekvens av den uønska hendinga
  • melde frå om hendinga innan eigen eining
Leiarar er gitt ansvar for forsvarleg saksbehandling av meldinga og denne skal om mulig handterast på lågast mogleg nivå. Formell fullmakt følgjer vanlegvis organisasjonens delegasjonsreglement.​

  1. Identifisering
    Den som finn eller påviser ei uheldig hending jf. lov/ forskrift eller avtaleverk for samhandling og/ eller tenester som ytes til pasientar, pliktar å melde om dette i tråd med eigen organisasjon sine rutinar for avvikshandtering. Som tilsett i Helse Møre og Romsdal skal slike avvik meldast i EQS. For tilsette utanom Helse Møre og Romsdal skal næraste leiar eller tilsvarande i kommunen, nytte digitalt meldeskjema gjennom Altinn

  2. Melding
    For HMR: Bruk vanleg meldeskjema i EQS. Sjå EQS-prosedyre 22247 for framgangsmåte.
    Utanfor HMR: Tilsette melder i eigen organisasjon i tråd med interne rutinar, der meldinga så blir sendt til næraste leiar. Leiar eller tilsvarande for aktuell eining i kommunen, legg informasjon frå avviksmeldinga inn i digitalt skjema for samhandlingsavvik gjennom Altinn. 

  3. Mottak og saksbehandling
    Meldinga sendast mottakar sitt postmottak/digitale postkasse og registrerast i ordinært saksarkiv. Dei registrerte avvika blir sakshandsama i tråd med interne rutinar i helseføretak og kommunar. Personidentifiserbare opplysningar handterast iht. reglar for teieplikt. Føremålet med avvikshandtering skal vere forbetringsarbeid og erfaringsutveksling.

Når saksbehandlinga i eininga er avslutta skal saker som kan forbetre helseføretaket/ kommunane sine rutinar eller gi læringsgevinst systematisk leggast fram for aktuelle namngitte organ i eigen organisasjon.

 
Samhandlingsavdelinga i samarbeid med samarbeidssekretariatet i Helsefellesskap Møre og Romsdal ​har ansvar for å ta ut årlege rapportar om meldte samhandlingsavvik mellom helseføretaket og kommunane. Ein årleg rapport leggast fram til Strategisk samarbeidsutval i Møre og Romsdal

  • ID 40804 (EQS): Fakturering utskrivningsklare pasienter - fakturaklagehåndtering og fremgangsmåte for korrekt faktureringsgrunnlag 
  • ID 22247 (EQS): Melding om forbetringsforslag eller uønska hending mellom kommune og føretak - Intern saksgang, handtering og læring 
  • ID 17023 (EQS): Elektronisk informasjonsutveksling mellom foretak og kommune ved bruk av Pleie- og omsorgsmeldinger 
  • ID 8566 (EQS): Utskrivelse av pasienter i døgnopphold og Epikrisehåndtering  ​

Uønskte samhandlingshendingar mellom kommunane i Møre og Romsdal og Helse Møre og Romsdal HF

I tråd med samhandlingsavtalen sin hovuddel punkt 7, vert det utarbeid ein årleg rapport over innmeldte samhandlingsavvik frå samhandlingsseksjonen i helseføretaket. Rapportane er meint som eit bidrag til å danne eit bilete av kva utfordringar som rører seg i fylket vårt og kva tiltak som kan krevjast frå partane framover for å få til ei enda betre samhandling mellom partane til beste for pasienten.

Ta kontakt med samhandlingsrådgjevar under kontakt oss ved spørsmål om nyare rapportar.

Kontaktperson for spørsmål om fakturering, samhandlingsavvik, forskrift og avtale:

Karethe Kristoffersen Aam, rådgivar Samhandling
Karethe.Kristoffersen@helse-mr.no






Sist oppdatert 25.04.2024