Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Nytt frå Helsefellesskap Møre og Romsdal

Samarbeid i Møre og Romsdal

Eit hovudgrep i Nasjonal helse- og sjukehusplan frå 2020-2023 var å opprette 19 helsefellesskap. Desse består av helseføretak og kommunane i opptaksområdet. I vårt fylket vart samarbeidsstrukturen Helsefellesskap Møre og Romsdal oppretta frå 2021 der over 200 representantar frå helseføretaket, alle dei 26 kommunane, fastlegar og ulike brukarrepresentantar møtast fast for å planlegge og utvikle tenester saman.

Publisert 08.12.2022
Ikon

​Kva er Helsefellesskap

Etablering av helsefelleskap skal vere med å sikre prioritering av tenester til dei pasientane som treng det mest. Helsefellesskapa skal særskilt prioritere tenester til fire pasientgrupper: born og unge, personar med alvorlege psykiske lidingar og rusavhengige, skrøpelege eldre og personar med fleire kroniske lidingar. Samarbeid mellom kommunehelsetenesten og spesialisthelsetenesten er ikkje noko nytt sjølv om organiseringa i helsefellesskap er av nyare dato. Helsefellesskap Møre og Romsdal er altså ei vidareutvikling av tidlegare samarbeidsstruktur. 

Du finn informasjon om alle ulike utval, medlemar, referat, handlingsplanar inkludert noværande samarbeidsavtale på nettsidene til Helsefellesskap Møre og Romsdal 

11 av dei 12 faglege samarbeidsutvala i helsefellesskapet har utarbeidd nye handlingsplanar som konkretiserer ansvar og oppgåver i kommunar og helseføretak. Nokre av dei faglege samarbeidsutvala er vidareføring av tidlegare samhandlingsutval med revidering av planar og andre er heilt nye samarbeidsutval.

Prioriteringar vidare i Helsefelleskap Møre og Romsdal

  • Førebuing til revisjon av samarbeidsavtale for perioden 2025 - 2028
  • Implementering og gjennomføring av tiltak i handlingsplanar frå faglege samarbeidsutval

Helsedirektoratet offentleggjer fleire gongar årleg eit nyhendebrev, der viktige saker frå ulike helsefellesskap i landet vert trekt fram.
Lenke til nyhendebrevet i sin heilskap finn du på nettsidene om Helsefellesskapet til Helsedirektoratet​

Helsefellesskap Møre og Romsdal

Samarbeid mellom Helse Møre og Romsdal og kommunane i fylket. Her finn du partnarskapsmøtet, strategisk samarbeidsutval, lokale samarbeidsutval og 12 faglege samarbeidsutval.
Gå til Helsefellesskap Møre og Romsdal
Illustrasjonsbilde puslebrikker