Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Nytt om samhandling

Samhandling om eldre og tilrådingar frå helsereformutvalet prega årets Samhandlingskonferanse

Samhandlingskonferansen i Molde 5.november samla over 100 deltakarar frå politisk, administrativt, fagleiarnivå, og brukarrepresentantar frå kommunane i fylket og Helse Møre og Romsdal. Hovudtema var Riksrevisjonen sine undersøkingar av samhandling om eldre og Helsereformutvalet sine tilrådingar om organisering, styring og finansiering for å sikre samanhengande og berekraftige helsetenester.

Publisert 12.11.2026
Kommunevåpen og logo til Helse Møre og Romsdal.
HMR og kommunane i Møre og Romsdal

Eitt lag – felles ansvar

Sjølv om Noreg ligg i verdstoppen når det gjeld kvalitet og framtidsretta helsetenester, utfordrar ulike styringslinjer og finansieringsmodellar målet om koordinering og god ressursbruk i helsetenestene. Dette kan føre til svikt i pasientforløpa, der pasientar kan oppleve å bli «kasteballar» mellom sjukehus og kommune.

Samhandlingskonferansen som vart arrangert 5. november på Scandic Alexandra i Molde, sette søkjelys på desse utfordringane gjennom ei brukarhistorie, funn frå Riksrevisjonen, tilrådingar frå Helsereformutvalet og felles dialog mellom deltakarane. Heile programmet kan lesast her. 

Det var ei brei semje om behovet for å utvikle «ei helseteneste» for å møte den demografiske utviklinga, med både fleire eldre og yngre med samansette sjukdommar og behov for tenester frå både spesialisthelsetenesta og den kommunale helse- og omsorgstenesta. Utvikling av helsefellesskapa som strategiske samhandlingsarenaer blir viktig for å styrkje samarbeidet og felles planlegging mellom helseføretak og kommunar.

Håkon Lykkebø Strand, ordførar i Ålesund kommune og leiar av Partnarskapsmøtet, ønskte deltakarane velkomne saman med Gerd Marit Langøy, kommunedirektør i Aukra kommune og nestleiar i styret i Helse Møre og Romsdal. Dei understreka at  Samhandlingskonferansen er ein viktig møteplass for å støtte opp om visjonen «Eitt lag – felles ansvar» og dei felles måla og strategiane for Helsefellesskapet i Møre og Romsdal. Målet er å utvikle trygge og framtidsretta helsetenester for innbyggjarane i fylket.

 

Gerd Marit Langøy, nestleiar i styret i Helse Møre og Romsdal og kommunedirektør i Aukra kommune, peika på visjonen til Helsefellesskapet Møre og Romsdal, "Eitt lag - felles ansvar".

Ei brukarhistorie som viser behovet for heilskaplege pasientforløp

Pasient- og brukarombodet i Møre og Romsdal, ved Hanne Haavde Stenseth, delte historia om «Marie», ei eldre kvinne som over tid vart sendt mellom ulike delar av helse- og omsorgstenesta. Trass i kontakt med både heimeteneste, legevakt, fastlege, sjukehus og kommune, var det ingen som tok ansvar for heilskapen i pasientforløpet. Undervegs vart ho mellom anna innlagt i akuttpsykiatrien, sendt mellom ulike nivå i tenesta og opplevde frykt, uro og manglande samanheng i oppfølginga. Først etter vidare utgreiing ved sjukehuset vart den underliggjande skaden som låg bak plagene hennar avdekt og behandla. Historia illustrerer korleis pasientar med samansette behov kan bli «svingdørspasientar» når mange aktørar sit med kvar si brikke av biletet, utan at nokon har ansvar for heilskapen. Stenseth løfta fram behovet for tydelege ansvarslinjer, betre involvering av pårørande og læring frå slike erfaringar for å styrkje samhandlinga og utvikle betre pasientforløp.

 

Hanne Haavde Stenseth frå Pasient- og brukarombodet i Møre og Romsdal delte ei brukarhistorie om "Marie"

Kommunane må planleggje for framtidas omsorgsbehov

Med utgangspunkt i Riksrevisjonen si undersøking av kommunale helse- og omsorgstenester til eldre presenterte avdelingsdirektør Knut Arne Vågeskar funn om kapasitet, kvalitet og planlegging i dei kommunale helse- og omsorgstenestene. Bakgrunnen for undersøkinga er den demografiske utviklinga, med fleire eldre som lever lenger og dermed har behov for helse- og omsorgstenester over fleire år. Rapporten konkluderer med at tenestene i liten grad er dimensjonerte for å møte den venta veksten i behovet, og peikar på utfordringar knytte til både rekruttering, kompetanse og tilgang på eigna omsorgsplassar. Undersøkinga viser også at delen av innbyggjarar over 80 år som får institusjonsplass eller heimetenester har gått ned.

Vågeskar viste også til at mange kommunar ikkje i tilstrekkeleg grad har berekna framtidig kapasitetsbehov eller planlagt tiltak for å møte utviklinga. Riksrevisjonen meiner staten i større grad må bidra med kunnskap, rettleiing og treffsikre verkemiddel for å støtte kommunane sitt planarbeid. Eit sentralt bodskap i rapporten er at både statlege og kommunale styresmakter må styrkje planlegginga og gjennomføringsevna dersom helse- og omsorgstenestene skal vere rusta for framtidige behov.

Knut Arne Vågeskar, avdelingsdirektør i Riksrevisjonen, orienterte om rapportane Kommunale helse- og omsorgstenester til eldre og Helsetenestenes samhandling om eldre

Samhandling blir avgjerande i møte med eldrebølgja

Børre Fylling som er fagdirektør i Riksrevisjonen presenterte funn frå Riksrevisjonen si undersøking av helsetenestene si samhandling om eldre.Hovudbodskapen var at LEON-prinsippet, der pasientar skal få behandling på lågaste effektive omsorgsnivå, blir stadig viktigare dersom helsetenesta skal klare å møte den venta veksten i talet på eldre. Undersøkinga viser at mangelfulle tenester lågt i omsorgstrappa kan føre til at pasientar får hjelp på eit høgare nivå enn nødvendig, noko som bidreg til auka belastning på sjukehusa. Samstundes peikar rapporten på at bruken av spesialisthelsetenester blant eldre er venta å auke kraftig fram mot 2050, medan talet på innbyggjarar over 80 år blir om lag dobla.

Fylling viste vidare til at svak samhandling mellom kommunar og sjukehus kan føre til manglande samanheng i pasientforløpa og at utskrivingsklare pasientar blir liggjande unødig lenge i sjukehus. Rapporten peikar også på store variasjonar mellom kommunar og at kommunale tilbod som øyeblikkeleg hjelp døgntilbod ikkje alltid blir nytta etter intensjonen. Samstundes viser undersøkinga at Helsefellesskapa og samhandlingstilskot har bidrege positivt til samarbeidet mellom tenestenivåa. Fylling understreka likevel behovet for meir langsiktig felles planlegging dersom helse- og omsorgstenestene skal vere rusta til å møte dei demografiske utfordringane i åra som kjem.

Felles utfordringar krev felles løysingar

I dialogen etter innlegga var det brei semje om at betre samhandling mellom kommunane og spesialisthelsetenesta er avgjerande for å møte dei demografiske utfordringane framover. Fleire peika på at mange samhandlingstiltak og prosjekt har gitt gode resultat, men at det ofte er krevjande å sikre varig drift når prosjektmidlane tek slutt. Samstundes vart det løfta fram at tidleg innsats og førebygging kan gi gevinstar på sikt, sjølv om effekten ikkje alltid er synleg innanfor kortsiktige budsjettperiodar.

Det vart også peika på at kommunane arbeider med langsiktig planlegging, men at dei samtidig står i krevjande omstillingsprosessar og økonomiske utfordringar her og no. Deltakarane diskuterte variasjonar i bruk av spesialisthelsetenester mellom kommunar, og korleis faktorar som nærleik til sjukehus, fastlegetenester, prehospitale tenester og lokale tilbod kan påverke forbruket. Betre informasjonsdeling og meir samanhengande pasientforløp vart trekt fram som viktige tiltak. Både sjukehus og kommunar opplever pressa økonomi, og det vart understreka at målet må vere å utnytte ressursane best mogleg og sikre at pasientane får gode og samanhengande tenester gjennom heile behandlingsforløpet.

Nærhelsereform for ei meir samla helseteneste

Samhandling, ansvar og organisering av framtidas helseteneste stod sentralt då utvalsmedlem Edith Roth Gjevjon presenterte tilrådingane frå Helsereformutvalet i NOU 2026:12 - Èn helsetjeneste. Utvalet tek utgangspunkt i dei same utfordringane som vart løfta fram i Samhandlingsreformen, og peikar på at fleire oppgåver må løysast i kommunane dersom helse- og omsorgstenestene skal vere berekraftige i framtida. Eit sentralt bodskap var at ressursar, kompetanse og personell må følgje med oppgåvene, samstundes som behovet for kompetanse i kommunale tenester vil auke betydeleg i åra framover.

Utvalet føreslår ein nærhelsereform med mål om å gi meir samanhengande tenester nærare der folk bur. Tilrådingane omfattar mellom anna:

  • sterkare og meir forpliktande samarbeid mellom kommunar og spesialisthelsetenesta,
  • styrkt fastlegeordning gjennom tverrfaglege team,
  • betre digital samhandling og
  • meir heilskapleg styring av helse- og omsorgstenestene.

Utvalet foreslår også endringar i finansiering, organisering og ansvarslinjer for å redusere dobbeltarbeid, styrkje kontinuiteten for pasientane og sikre betre utnytting av samla ressursar og kompetanse.

I den påfølgjande dialogen vart fleire av dei strukturelle forslaga diskuterte, mellom anna knytt til organisering av akuttmedisinske tenester og kommunestruktur. Samstundes vart det understreka at merksemda bør rettast mot samhandlingsutfordringane og gevinstane av tettare samarbeid på tvers av nivåa i helsetenesta, framfor organisatoriske grenser og geografi. Som oppsummering vart det peika på at nærhelsereforma kan gi eit viktig bidrag til ei meir samanhengande helseteneste dersom samhandling og felles ansvar blir sett i sentrum.

Edith Roth Gjevjon, professor, fagsjef i Norsk Sykepleierforbund (NSF) og medlem av Helsereformutvalet, presentere hovudfunna frå Helsereformutvalet si utgreiing om framtidas helse- og omsorgsteneste.

To samhandlingsprosjekt

Konferansen fekk også innblikk i to prosjekt som har motteke rekruttering og samhandlingstilskot gjennom Helsefellesskapet i Møre og Romsdal. Oddbjørn Tomren presenterte prosjektet TID som felles fagleg rammeverk for komplekse pasientforløp i demensomsorga, som skal styrkje oppfølginga av personar med demens og åtferds- og psykiske symptom ved demens (APSD). Gjennom ein tverrfagleg modell for utgreiing, refleksjon og evaluering er målet å skape ei felles forståing, felles utvikling og felles retning på tvers av kommunar og spesialisthelsetenesta. Erfaringane viser at leiingsforankring, kompetanseheving og integrering i ordinær drift er avgjerande for å lukkast. Tomren avslutta innlegget med å vise til fire introduksjonsvideoar retta mot demensomsorg i praksis.

Det andre prosjektet handlar om å utvikle eit samhandlingsforløp for barn og unge med rusvanskar, forankra i Barn og unge si helseteneste i Møre og Romsdal. Prosjektleiar Elisabet Pedersen fortel saman med brukarrepresentant Alexander Malmedal, at forløpet er det første av sitt slag i Noreg og skal bidra til eit meir heilskapleg og samordna tilbod gjennom tett samarbeid mellom blant anna skule, helsestasjon, fastlege, barnevern, psykisk helseteneste og spesialisthelsetenesta. Prosjektet er no inne i ein fase med vekt på kompetansebygging og innføring i ordinær drift, med mål om betre støtte til både ungdom, pårørande og fagpersonar.

Oddbjørn Tomren, prosjektleiar og einingsleiar ved Råkhaugen omsorgssenter, orienterte om prosjektet TID.
Prosjektleiar Elisabet Pedersen og brukarrepresentant Alexander Malmedal orienterte om prosjektet knytt til barn og unge med rusmiddelvanskar.

Vegen vidare for Helsefellesskapet i Møre og Romsdal

Per Sverre Ersvik, kommunedirektør i Averøy kommune og nyvald leiar for Strategisk samarbeidsutval (SSU), peika på SSU si rolle som arena for gjensidig involvering og medverknad mellom partane. Han understreka også at Partnarskapsmøtet må utviklast til å vere den politiske samarbeidsarenaen i Helsefellesskapet, og løfta fram betydninga av å halde fram arbeidet for å realisere visjonen om «Eitt lag – felles ansvar».

Frå Helse Møre og Romsdal orienterte Heidi Nilsen, viseadministrerande direktør, om arbeidet med utviklingsplanen for perioden 2027–2030, ventetidsløftet og dei omfattande økonomiske utfordringane helseføretaket står overfor. Sjølv om helseføretaket behandlar fleire pasientar enn tidlegare, er det framleis behov for betydeleg omstilling i åra som kjem, og ønskjer tettare dialog med kommunane om endringar som kan få konsekvensar for tenestene.

I den avsluttande dialogen vart det mellom anna stilt spørsmål om kostnadsnivået i både kommunane og helseføretaket, framtidige endringar i dei prehospitale tenestene og korleis ein kan sikre breiare deltaking frå politiske og administrative leiarar i samhandlingsarbeidet. Fleire peika på behovet for open dialog og felles forståing av utfordringsbiletet dersom ein skal lukkast med naudsynte omstillingar i åra framover.

Evalueringa viste at konferansen bidrog til felles forståing, ga grunnlag for vidare dialog og betre innsikt i utfordringar som må løysast i fellesskap. Samstundes peikte deltakarane på behov for meir tid til dialog, meir konkrete arbeidsøkter og breiare deltaking frå politisk og administrativ leiing for å styrkje relasjonar og samarbeid på tvers. 

Børre Fylling, fagdirektør i Riksrevisjonen, orienterte om funn knytt til Helsefellesskapa og potensiale for vidareutvikling.