Utlysing av rekrutterings- og samhandlingstilskot

Helsefellesskap Møre og Romsdal opnar no for å kunne ta imot søknader om rekrutterings- og samhandlingstilskot.

En gruppe mennesker som står

Rekruttering- og samhandlingstilskotet skal bidra til å forsterke samarbeidet mellom kommuner og helseforetak om tenesteutvikling og gode pasientforløp. Det er utarbeidd kriterier for tildeling: Kriterier og vilkår for Rekrutterings- og samhandlingstilskot Helsefellesskap MR 2024 og 2025.

Prosjektperiode er per no sett til prosjekt som kan gå over inntil 2 år. Dette grunna at mange prosjekt som går over lengre tid vil kunne binde opp store prosjektmidler som hindrer iverksetting av nye, viktige prosjekt. Utbetaling av innvilga tilskot vil bli på bakgrunn av bilag/faktura. Innvilga tilskot vil få eit prosjektnummer som skal nyttast saman med prosjekttittel i fakturering og i dialog med helsefellesskapet. Det er utarbeidd ein budsjettmal som kan nyttast i intern og seinare ekstern prosjektrapportering og evaluering.

Følgande dokument skal vere signert og sendast med i søknaden:

  1. Søknadsskjema prosjekt Rekrutterings og samhandlingstilskot Helsefellesskap MR _set inn prosjekttittel
  2. Skildring av prosjekt Rekruttering og samhandlingstilskot_Helsefellesskap M&R _set inn prosjekttittel
  3. Skjema for leiarforankring prosjekt Rekruttering og samhandling Helsefellesskap MR _set inn prosjekttittel

Søknadsfrist:

Søknadsfrist for første behandling av søknadane er 1.desember 2024, og vidare 1.mai 2025 for neste halvår.

Søknad sendast til:

Leiar for felles samarbeidssekretariat i Helsefellesskap Møre og Romsdal: bodil.marit.haugen.vage@alesund.kommune.no

Sist oppdatert 23.10.2024