Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

HMR opprettar felles tilvisningsmottak for ortopedi frå 1.desember

Tilvisingar og dialogmeldingar til ortopedi ved Volda sjukehus, Ålesund sjukehus og SNR skal då sendast til same adresse.

Publisert 10.11.2025

Det har lenge vore utfordringar knytt til ventetider og fristbrot innanfor ortopedien i Helse Møre og Romsdal (HMR). For å møte desse utfordringane har føretaksleiinga bestemt at det skal innførast felles tilvisingsmottak for ortopedi, slik at ein i større grad kan få til ei betre koordinering av tenestene, meir lik vurdering av tilvisingar og meir effektiv ressursutnytting på tvers av sjukehusa våre. 

Kva vil dette bety for deg som fastlege? 

Det vil vere ein veg inn til føretaket, noko som betyr at det vil vere berre ei adresse inn når pasientane blir tilvist til vurdering av ortopediske tilstandar eller det er nødvendig å sende dialogmeldingar.  

Ny adresse for tilvising frå 1. desember

Ortopedisk kirurgi (HMR) 

Helse Møre og Romsdal HF 

Åsehaugen 1, 6026 Ålesund 

HER-id: 197368 

Endringa gjeld frå 1.desember 2025. 

Oppdater adresser og preferanselister 

Dei adressene som har blitt brukt til no blir merka med “IKKJE BRUK DENNE”. HMR vil gå gjennom alle meldingane som er sendt til dei gamle adressene og så deaktivere adressene slik at det ikkje lenger vil vere mogleg å finne dei, når alle meldingane er handtert.  

Dersom journalsystemet ditt er synkronisert mot Adresseregisteret NHN, vil du sjå endringane med det same oppdateringa skjer.

Dersom journalsystemet ditt ikkje gjer dette automatisk, må du sørge for at det blir gjort manuelt slik at du får med deg endringane. Enkelte kan ha lagra snarvegar eller ha ei preferanseliste, og då er det også viktig å oppdatere desse. Denne oppdateringa må gjerast så snart som mogleg etter 1.desember.  

 

Elektive tilvisingar  

NB! Husk merking av «Pakkeforløp» i tilvisinga dersom det hastar! Merk «Elektiv» dersom det ikkje hastar.

Tilvisingane vil bli vurdert på same måte som tidlegare, og pasientane vil så langt det er råd settast opp på venteliste/time på sjukehuset vedkommande høyrer til geografisk. Dersom det grunna kapasitetsutfordringar er fare for fristbrot eller ved særs lang ventetid, vil pasientane kunne få tilbod om utgreiing og behandling på eit av dei andre sjukehusa i HMR.  

Pasientar som skal til undersøking ved radiologisk avdelinga før vidare vurdering på ortopedisk poliklinikk, vil kunne få time til denne undersøkinga nokre dagar før timen på poliklinikken. Dette bidreg til at sjukehuset i større grad kan nytte ledig kapasitet, gi pasienten time så snart som mogleg og sikre at resultatet er klart til timen på ortopedisk poliklinikk. 

Dersom pasienten takkar nei til tilbodet er det viktig å vere klar over at det ikkje lenger vil bli fristbrot, og ventetida kan potensielt bli endå lenger.  

Dersom pasienten får vurdering ved ein poliklinikk på eit anna sjukehus enn lokalsjukehuset sitt, vil det vere mest hensiktsmessig at vidare behandling også blir gjennomført der. Fritt behandlingsval gir pasientane moglegheit til å sei at dei ønsker operasjon ved lokalsjukehuset sitt, sjølv om poliklinikk-vurderinga er gjennomført ved eit anna sjukehus. Dette kan føre til at ortoped som skal operere pasienten må kalle pasienten inn til ny time på sin poliklinikk før endeleg avgjerd  om operasjon skal gjennomførast eller ikkje.  

Vi ber difor om at de som tilvisarar informerer pasienten om at tilbod kan kome frå andre sjukehus enn lokalsjukehuset, og at de samtidig prøver å motivere pasientane til å ta imot tilbodet dei får, uavhengig av lokasjon. 

Dersom du vurderer å sende tilvising til spesialisthelsetenesta innanfor ortopedi er det også viktig å informere pasienten om at HMR har avtale med Aleris i Trondheim. Pasienten kan for nokre ortopediske tilstandar (sjå oversikt under) vidareformidlast dit dersom HMR ikkje har moglegheit til å gi pasienten eit tilbod innan fristen. Dette vil ikkje gi pasienten ekstra utgifter.   

ØH-tilvisingar

NB! Merkast «ØH»

Ver merksam på at drop-in røntgen ikkje er tilgjengeleg på kveld, natt og helg, og definerast ikkje som ø-hjelp.

Innlegging/skadepoliklinikk utan behov for røntgen først

Tilvising skal sendast elektronisk til felles tilvisingsmottak ortopedi som ved elektive tilvisingar, og merkast ØH og kva sjukehus pasienten blir sendt til.  

  • NB! Tilvisinga må i tillegg sendast med pasient på papir for å sikre at sjukehuset får denne i tide dersom det for eksempel er driftsproblem på IKT-sida.  

Ved behov for røntgen-undersøking ØH før eventuell vurdering av ortoped

Røntgen-rekvisisjon sendast elektronisk til aktuell røntgenavdeling. Merk tilvisinga ØH, og om pasienten skal sendast vidare til ortopedisk poliklinikk/skadepoliklinikk. Dersom pasienten kan sendast heim ved negativt røntgensvar må dette presiserast i rekvisisjonen 

  • NB! Tilvisinga må i tillegg sendast med pasient på papir for å sikre at sjukehuset får denne i tide dersom det for eksempel er driftsproblem på IKT-sida.  

Viser elles til oversikt over tilstandar som skal ha tilsyn ved skadepoliklinikken sjølv ved negativt røntgensvar : Tilvising av pasientar med behov for akutt skjelettrøntgen og bruk av KI - Helse Møre og Romsdal  

  

Tilbud som kan bli gitt ved Aleris Rosenborgklinikken, Trondheim 

Ortopedi 

Hand/arm/skulder 

  • Krokfinger (Dupuytrens kontraktur), nålebehandling (nålefasciotomi) 
  • Krokfinger (Dupuytrens kontraktur), operasjon 
  • Seneknuter (ganglion) i hånd og håndledd, operasjon 
  • Skulder, betennelser og forkalkninger, operasjon 
  • Tennisalbue/golfalbue (epikondylitt), operasjon 
  • Tommelslitasje (artrose), operasjon 
  • Triggerfinger, operasjon 

Hofte/kne/fot 

  • Hammertå, operasjon 
  • Inngrodd negl NB! Dette må tilvisast kirurgisk avdeling i HMR, ikkje ortopedi 
  • Korsbåndskade, fremre, operasjon 
  • Meniskskade, operasjon 
  • Seneknute (ganglion) i fot, operasjon 
  • Skjev stortå (hallux valgus), operasjon