Høyring av retningsliner for samarbeid mellom behandlarar og sjukehus

Samhandlingsdokumentet "Møteplass Møre og Romsdal" har vore gjennom ein revisjon og er no ute på høyring. Dette er ein avtale mellom behandlarane i kommunane i Møre og Romsdal og legane i helseføretaket om korleis ein fordeler faglege og praktiske oppgåver i pasientforløpa. Ein kan kome med innspel fram til 10. februar 2023.

Publisert 04.01.2023
K.støylen
Illustrasjonsbilete. Foto: K. Støylen.

Retningslinene "Møteplass Møre og Romsdal" vart først utarbeidt i 2018 og er no revidert av Faglig samarbeidsutval for behandlarsamarbeid, som er eit av utvala i Helsefellesskap Møre og Romsdal. Representantar frå legar i kommunane og legar på sjukehusa i HMR, i tillegg til brukarrepresentant og tilittsvalte frå avtalespesialistane har gjennomført revideringa. 

Her kan du lese den reviderte utgåva av Møteplass Møre og Romsdal (pdf)

Her kan du lese høyringsbrevet til Møteplass Møre og Romsdal (pdf)

Fagleg samarbeidsutval for behandlarsamarbeid ynskjer gjerne innspel til revidert dokument innan 10. februar 2023. Høyringsinnspel vil verte behandla av utvalet i møte 15. februar og samhandlingsdokumentet vil deretter verte sendt til Strategisk samhandlingsutval (Nivå 2 i Helsefelleskapet) for godkjenning. Du finn lenke til fagleg samarbeidsutval og Helsefellesskap Møre og Romsdal nedst på sida.

Du finn samla relevant informasjon til fastlegar og andre tilvisarar og behandlarar på denne sida


Innspel til retningslinene kan sendast til Medisinsk fagsjef i fagavdelinga i HMR 
Mariann Hagerup Gammelsæther:
Mariann.Hagerup.Gammelsether@helse-mr.no.​


Helsefellesskap Møre og Romsdal

Samarbeid mellom Helse Møre og Romsdal og kommunane i fylket. Her finn du partnarskapsmøtet, strategisk samarbeidsutval, lokale samarbeidsutval og 12 faglege samarbeidsutval.
Gå til Helsefellesskap Møre og Romsdal
Illustrasjonsbilde puslebrikker