Møteplass Møre og Romsdal
Fastlegar og andre tilvisarar
Møteplass Møre og Romsdal består av fleire ulike tiltak som skal sikre samhandling og oppgåvefordeling mellom behandlarar på sjukehus, behandlarar i kommunane og pasientane for å få til best mogleg utredning og behandling.
Dokumentet er utarbeida i samarbeid mellom klinikkane, kommuneoverlegar og praksiskonsulentar som representantar for fastlegane ved dei fire ulike lokalsjukehusområda. Målet med dokumentet er å ha ein skriftleg rettleiar for oppgåvefordeling mellom behandlarar på sjukehus, behandlarar i kommunane og pasientane. Ein har vidareført eit mangeårig godt samarbeid, men mellom anna av pasientsikkerheitsgrunner, har ein sett behovet for å gjere denne oppgåvefordelinga skriftleg. Dokumentet har vore ute på høring i alle klinikkar og i kommunane.
Eldre retningsline Møteplass Møre og Romsdal: Samarbeid mellom fastleger og sykehus frå 2018.pdf
Rekning for legeledsagelse med ambulanse
Vi har ein ønska utvikling innan medisin der ny kunnskap og ny teknologi gjer at oppgåver no kan få ny behandlingsstad. Dette gjer at «rett oppgåve på rett stad til rett tid» i dag ofte skjer nærare heimen til pasienten enn for berre få år sidan.
Oppgåver vert flytta frå St Olavs hospital til sjukehusa i Møre og Romsdal og oppgåver vert flytta frå sjukehusa til kommunane. Ny teknologi kan gjere at nokre oppgåver vert flytta frå helsevesenet til pasientane. Oftast vert oppgåvene flytta nedover i behandlingskjeda, men ny kunnskap gir nye moglegheiter til at oppgåver også kan flyttast oppover i systemet.
Vurdering
Nokre gonger kan klinikkar eller leiar stille spørsmål om oppgåva vert gjort på feil stad eller til feil tid. Dersom ein vurderer at ei oppgåve burde vore utført på eit anna behandlingsnivå, meldast dette til PKO-leiar Stian Endresen eller til samhandlingssjef for drøfting i praktiskonsulentmøte.
Utifrå kompleksiteten i oppgåva, vuderer praksiskonsulentane behov for ei eventuell grundigare analyse og konsekvensar av oppgåveomfordelinga, før informasjonen vert sendt til fastlegane. Det kan og vere aktuelt at forslag til oppgåveomfordeling vert drøfta som sak i Fagleg samarbeidsutval for behandlarsamarbeid i Helsefellesskapet. PKO-leiar gjer denne vurderinga. På denne måten kan ein på førehand sikre ei god oppgåvevurdering og forankring blant behandlarar i Helse Møre og Romsdal HF, i kommunane og brukarutval, dersom omfanget av endringa tilseier det.
Felles behandlarfagråd i Møre og Romsdal har eksistert sidan 2018 og vart våren 2021 erstatta med nytt Faglig samarbeidsutval for behandlarsamarbeid. Målet for utvalet er å betre samhandlinga mellom behandlarar i spesialisthelsetenesta og kommunane.
Gå til sida om faglig samarbeidsutval for behandlarsamarbeid
Samarbeidsutvalet sine oppgåver:
Faglig samarbeidsutval for behandlarsamarbeid skal gi råd om vesentlige forhold i behandlar til behandlarsamarbeidet mellom primærhelsetenesta og spesialisthelsetenesta som tek i vare pasientforløp og god utnytting av ressursar på begge nivå.
Forslag om endra oppgåvefordeling mellom avdelingar i Helse Møre og Romsdal og fastlegar skal vurderast med tanke på pasientsikkerheit, ressursbruk og om det kan sameinast med dagens arbeidsform i sjukehus og fastlegepraksis. Samarbeidsutvalet skal vere høringsinstans for forslag til standardiserte pasientforløp som involverer både primær og spesialisthelsetenesta.
Melde saker:
Fastlegar, kommunar, bedriftsleger, avtalespesialister, brukarar/pårørande, fylkesmannen, sjukehus og samarbeidsorgan mellom sjukehus og kommunar kan melde saker som gjeld samhandling og oppgåvefordeling mellom sjukehus og behandlarar/fastleger i kommunane. I tillegg kan samarbeidsutvalet på eige initiativ ta opp relevante saker til drøfting.
Saker kan meldast til
Stian Endresen, leiar Praksiskonsulentordninga og leiar for faglig samarbeidsutval for behandlarsamarbeid
E-post: Stian.Endresen@helse-mr.no
Oppfølging av saker:
I saker som inneberer vesentlige endringar i samarbeidet mellom legar i sjukehus og kommune så vil samarbeidsutvalet sende forslaget til drøfting til:
a) Lokale samarbeidsutval (LSU) , tillitsvalte, allmennlegeutval og kommuneoverlegane i Møre og Romsdal
b) Seksjon for samhandling i HMR, tillitsvalte og aktuelle klinikkar
Etter ny drøfting i faglig samarbeidsutval vert saker sendt til Strategisk samarbeidsutval. Les meir om ny organisering gjennom Helsefellesskap Møre og Romsdal
Tidlegare referat frå Felles behandlarfagråd
Kommande møte:
Volda sjukehus: 17. oktober 2023 mellom kl. 17.00 - 20.00
Neste år: 06.02.24
Ålesund sjukehus: 18. oktober 2023 mellom kl. 17.00 - 20.00
Neste år: 07.02.24
Molde sjukehus: 24. oktober 2023 mellom kl. 17.00 - 20.00
Neste år: 05.03.24
Kristiansund sjukehus: 25. oktober 2023 mellom kl. 17.00 - 20.00
Neste år: 06.03.24
Felles dialogmøte/fastlegemøte er for Helse Møre og Romsdal HF ein viktig møteplass med fastlegane, andre legar og kommunalt tilsette legar. Fastlegane sin posisjon som henvisarar betyr at dei både er «døropnar og portvakter» for pasientstraumen inn til Helse Møre og Romsdal HF. Dette gjer at samhandling mellom føretak og denne legegruppa er ekstra viktig.
Fastlegar er avhengig av kontinuerlig oppdatering om Helse Møre og Romsdal (HMR) sine tilbod. HMR har som dei fleste andre helseføretak hatt slike legemøter gjennom mange år. Dei siste åra har ein jobba for å få på plass slike møteplassar ved alle lokalsjukehus.
Møta vert halde på kveldstid to gongar i året i kvart lokalsjukehusområde. På desse møta vert det diskutert faglege problemstillingar, lokaltilpassa samhandling og forventningar til utredning, behandling og oppfølging av pasientar. I tillegg er det oftast matservering. Ein har ofte kalla desse møta for «Nytt og nyttig møter» eller fagmøte med fagleg samhandling og relasjonsbygging som nøkkelord. Sjukehuslegar, fastlegar og Helse Møre og Romsdal HF sine leiarar held faglege innlegg som vert avslutta med ein fagleg diskusjon mellom sjukehusleger og fastlegar. Avtalespesialister vert og invitert inn som forelesarar.
Praksiskonsulentane står for førebuing og gjennomføring av møta. Ulike fagpersonar kjem med forslag om tema og problemstillingar som dei ynskjer tatt opp i dialogmøta. Når ein ønskjer å ta opp tema på eit slikt møte så sender ein e-post til lokal praksiskonsulent med forslag. Dersom drøftingar på møta fører til endring av samhandlingsrutinar så vert desse endringane sendt ut skriftlig i etterkant av møta.
Innspel om tema til fagmøta sendast til:
Volda: Stian Endresen, e-post: stian.endresen@helse-mr.no
Ålesund: Jonas Vegsundvåg, e-post: jonas.vegsundvag@helse-mr.no
Molde: Thilde Camilla Svela, e-post: Thilde.Camilla.Svela@helse-mr.no
Kristiansund: Andreas Nybrott Hals, e-post: andreas.nybrott.hals@helse-mr.no
Påmelding til fastlegemøta/dialogmøta til:
Fredrik Møller-Christensen
fredrik.moller-christensen@helse-mr.no
Praksiskonsulentordninga (PKO) skal bidra til å betre samarbeidet mellom legar i kommunehelsetenesta og legar i sjukehus innafor tema knytt til diagnostikk, behandling og oppfølging av pasientar.
Les om ordninga og finn kontaktinformasjon til praksiskonsulentar i HMR her
Hospiteringar for fastlege hjå sjukehusspesialist i Helse Møre og Romsdal.
Skjema og attest for strukturert hospitering på sjukehus - Helsedrektoratet (pdf).
Dersom du som fastlege ønsker dagshospitering hjå sjukehusspesialist kan du ta kontakt med følgande personar:
- Medisinsk avdeling Volda: Miriam Wiksnes, e-post: Miriam.Wiksnes@helse-mr.no
- Medisinsk avdeling Ålesund: Jørn-Åge Longva, Jorn-Age.Longva@helse-mr.no
- Medisinsk avdeling Molde: Ida C. Monn Birkhaug, e-post: Ida.Camilla.Monn.Birkhaug@helse-mr.no
- Medisinsk avdeling Kristiansund: Åge Austheim, e-post: Age.Austheim@helse-mr.no
- BUP Volda /Ålesund: Ann Christin Andersen, e-post: Ann.Christin.Andersen@helse-mr.no
- Psykiatri Volda: Einar Gilje Aarseth, e-post: einar.gilje.aarseth@helse-mr.no
- Psyk. pol. Ålesund: Eva Liahjell, e-post: Eva.Benedicte.Liahjell@helse-mr.no
- Psykiatri Molde: Ingunn R. Innerdal, e-post: Ingunn.Romundstad.Innerdal@helse-mr.no
Etter hospitering fyller du ut skjema hospitering (pdf) og sender det til Kurskomiteen i Møre og Romsdal legeforening ved Bente Grønnesby som vidaresender dette for godkjenning. E-post: Bente.gronnesby@legeforeningen.net
Skjema må attesterast av den sjukehuslegen du hospiterte hos. Ein dag med strukturert hospitering kan gi deg 10 kurspoeng du kan nytte i vidare- og etterutdanning i spesialiteten allmennmedisin.
Nytt frå laboratoria i klinikk for diagnostikk. Medisinsk biokjemi, mikrobiologi og patologi.
Informasjon frå laboratoriet, avdeling for medisinsk biokjemi
Nyheiter/informasjonsskriv frå Medisinsk mikrobiologi
Du kan velge mellom alle offentlege behandlingsstadar. For å få dekka utgifter til undersøking eller behandling ved ein privat behandlingsstad, må behandlingsstaden ha avtale med eit regionalt helseføretak eller ei godkjenning fra HELFO for den aktuelle behandlinga.
Alle behandlingsstader som rapporterer ventetider
Ventetid avtalespesialister i Midt-Norge
Tilvisingar, både frå fastlege, avtalespesialist og kommune (sjukeheim), skal sendast elektronisk via journalsystemet.
Du finn meir informasjon om tilvising på denne sida
Behandlarnytt
- 16. oktober 2023Haustens nyheiter frå Helsefellesskapa
Lurer du på kva som skjer i helsefellesskapa? Her kan du lese status i Helsefellesskap Møre og Romsdal samt haustens nyhendebrev om helsefellesskapa frå Helsedirektoratet.
- 7. september 2023Oppdaterte råd til fastlegar om tilvisingsrutinane til BUP
Fastlegen har ei viktig rolle og gjer ei sjølvstendig vurdering dersom born og unge treng tilvising til Psykisk helsevern for barn og unge. Barn og unges helseteneste har utarbeida råd til fastlegar om innhaldet i ei slik tilvising til BUP.
- 1. september 2023Pasient- og pårørandeopplæring for Sunnmøre hausten 2023
Visste du at Helse Møre og Romsdal tilbyr opplæring og kurs for brukarar, pasientar og pårørande?