Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

I ferd med å ferdigstille samhandlingsforløp som skal gi betre hjelp til ungdom med rusvanskar

– Vi har fått inn svært nyttige høyringsinnspel i prosessen, fortel prosjektleiar Elisabet Stalheim Pedersen.

Publisert 23.10.2026
Prosjektgruppa for samhandlingsforløpet Barn og unge med rusmiddelvanskar poserer for eit bilde
Prosjektgruppa. (Jenny R Lyngstad, Marte Sigerset, Ann Helen Midtlid og Daniel Eide Moltumyr var ikkje til stades då bildet blei tatt).

Samhandlingsforløpet Barn og unge med rusmiddelvanskar har vore på høyring i regi av Barn og unges helseteneste i Møre og Romsdal. Målet er å styrke det tverrfaglege samarbeidet rundt barn og unge som står i risiko for, eller har utfordringar knytt til rusmiddelbruk. Samhandlingsforløpet skal gi ei tydeleg oversikt over ansvar, roller og oppgåver, slik at ungdom med rusvanskar skal få rett hjelp, på rett stad og til rett tid.

Gjennom høyringsperioden har kommunar, fagmiljø og samarbeidspartnarar kome med innspel til forløpet. Desse innspela har vore viktige i arbeidet med å sikre gode, samanhengande og kunnskapsbaserte tenester på tvers av nivå og fagområde.

– Ei stor takk til alle som har bidrege med høyringsuttale. Svara har både vist oss at vi er på rett veg og gitt oss noko å jobbe vidare med, fortel Pedersen.  

Samla prosjektgruppa for gjennomgang

Prosjektleiaren har i lag med samarbeidspartar ved Helseinnovasjonssenteret vurdert og innarbeida høyringssvara som har kome inn. Onsdag 21. oktober var prosjektgruppa også samla i Molde. Hovudtema for møtet var gjennomgang av innkomne høyringssvar, ferdigstilling av forløpet og vidare arbeid med implementering og kompetanseheving.

Samhandlingsforløpet blir det åttande samhandlingsforløpet utvikla gjennom Barn og unges helseteneste i Møre og Romsdal.

Les meir om samhandlingsforløpet her: Nytt samhandlingsforløp skal gi betre hjelp til ungdom med rusvanskar

 

Prosjektgruppa for Samhandlingsforløpet Barn og unge med rusmiddelvanskar

Prosjektgruppa er satt saman av representantar frå  kommunane, BUP, TSB, Helseinnovasjonssenteret, KORUS og brukarrepresentantar.

  • Molde kommune – Alexander Malmedal, brukarrepresentant. Ragnhild Torvik Refsnes, psykolog i psykisk helse- og rustenester.
  • Ålesund kommune – Irene Kalstad Aase, verksemdleiar familiestøtte.
  • Herøy kommune – Silje Ringstad, seksjonsleiar psykisk helse og rus.
  • Søre Sunnmøre barnevernteneste – Aina Øyehaug Opsvik, barnevernleiar.
  • Ulstein kommune – Daniel Eide Moltumyr, helsesjukepleiar.
  • Rauma kommune – Marte Sigerset, behandlar/vernepleiar.
  • Hustadvika kommune – Elin Hamnes, psykisk helseteam for barn og unge.
  • Psykisk helse og rus HMR – Kari Nesseth og Ann Helen Midtlid, avdelingsleiar TSB og seksjonsleiar TSB.
  • Psykisk helsevern for barn og unge HMR – Jenny R. Lyngstad og Magne Storvik, avdelingsleiar PHBU og psykologspesialist ved BUP Ålesund.
  • KORUS – Annika L. Hessen og Henrik Johannsen, rådgivarar.
  • Helseinnovasjonssenteret – Eirin Kongshaug og Finn Robert Verlo, rådgivarar.
  • Psykisk helsevern for barn og unge HMR – Elisabet Stalheim Pedersen, prosjektleiar og prosjektkoordinator for barn og unges helseteneste.