Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Pasient- og pårørandeopplæring for Sunnmøre hausten 2023

Visste du at Helse Møre og Romsdal tilbyr opplæring og kurs for brukarar, pasientar og pårørande?

Publisert 01.09.2023
Sist oppdatert 17.01.2024
Illustrasjonsbilete
Kva er meistring? Foto: Nasjonal kompetansetjeneste for læring og mestring innen helse (NK LMH)/mestring.no

​Har du​ eller kjenner du nokon som har ei helseutfordring? 

Det fins over 120 ulike kurs- og gruppetilbod i fylket vårt. Lærings- og meistringstilboda finn stad ved dei fire sjukehusa i fylket, er oftast i grupper og fleire av tilboda er digitale der du kan delta uavhengig kor du bur. Du finn informasjon om alle tilboda ved å klikke på kurskatalogen til HMR eller den grøne boksen nedst i artikkelen. 

Eit av tilboda vi ønsker å trekke fram er ulike kurstilbod innan Revmatologi ved Ålesund sjukehus; har du Sjøgrens, spondyloartritt eller leddgikt finn meir informasjon i kurskatalogen. Ver merksam på at du som regel treng tilvising frå fastlegen din eller behandlar i spesialisthelsetenesta til kurstilboda. Etterspør gjerne dette neste gong du har ein time! 

Meir om lærings- og meistringstilbod 

Formålet med lærings- og mestringstilbud er at pasientar, brukarar og pårørande skal 

  • få informasjon, kunnskap og bistand til å handtere sjukdom og endringar i helsa 
  • førebygge eller hindre utvikling av sjukdom og funksjonsnedsetting 
  • gi støtte til endring av levevanar for å fremje fysisk og psykisk helse 
  • understøtte pasient og brukar sin eigen læringsprosess (henta frå Helsedirektoratet
​​
Lærings- og meistringssenteret (LMS) ønsker å tilrettelegge for at alle som har behov får eit tilbod om opplæring. Det er fagpersonar og helsepersonell ved dei ulike sjukehusavdelingane som er fagleg ansvarlege for opplæringstilbodet. LMS er ein støttespelar i arbeidet i likeverdig samarbeid med helsepersonell og erfarne brukarrepresentantar som har kjennskap til korleis det kan vere å leve med den gitte helseutfordringa eller diagnosen. 
 

Har du spørsmål eller behov for å snakke med ein av rådgjevarane ved Lærings- og meistringssenteret kontakt: ​

Ålesund sjukehus: Rådgivar Espen Ervik, tlf. 41 00 72 99

Volda sjukehus: Rådgivar Sissel Ørstavik Aase eller Camilla Kleppe Eidså, tlf. 70 16 87 32

Kursplakat

Døme kursplakat Volda 2023

Kursplakat Ålesund

Døme kursplakat Ålesund

 

Kurs og gruppetilbod for pasientar og pårørande

Her finn du ei oversikt over opplæringstilbod knytt til læring og meistring i Helse Møre og Romsdal. Du kan søke og filtrere for å finne aktuelt tilbod for deg.
Sjå oversikt over kurs og opplæringstibod
Hybridkurs Rauma/Molde