Spesialisering i barne- og ungdomspsykiatri ved Kristiansund sjukehus

Poliklinikken i Kristiansund gir eit tverrfaglig tilbod til barn og ungdom under 18 år tilvist for utgreiing og behandling av psykiske vanskar og atferdsvanskar frå primært kommunane Aure, Averøy, Kristiansund, Smøla og Surnadal.  Poliklinikken er inndelt i et generalistteam,  et nevroteam/utredningsteam, et småbarnsteam/spiseteam og et akutteam. I tillegg er det organisert FBT-tilbud (familiebasert terapi) for spiseforstyrrelser, TF-CBT (traumefokusert kognitiv atferdstearpi) samt PEF (psykoedukativt familiesamarbeid). Vi samarbeider med BUP Molde om flerfamiliegruppetilbud innen FBT. 

Vi har 3 overlegestillinger og 3 LIS stillinger.

Spesialistutdanning i BUP har krav om tjeneste i BUP poliklinikk, BUP sengepost, voksenpsykiatrisk avdeling og barnemedisinsk avdeling. Det har tradisjonelt vore satt opp plan for tjeneste i eigne seksjonar i eit samarbeid mellom avdelingsleiar, utdanningsutvalg og den enkelte LIS. Tjeneste ved voksenpsykiatrisk avdeling jobber vi med å få ein meir formell plan som er felles for heile avdelinga. Per i dag har dette variert noko på dei ulike sjukehusa, nokre LIS har ordna dette på eigen hand medan andre har fått avtalar om tjeneste gjennom avdelingsleiinga. Det foreligger en god plan for rullering ved Barne- og ungdomsavdelingen.​

LIS starter som regel sitt utdanningsløp på poliklinikken. Det vil vere ein naturlig progresjon på læringsaktiviteter og læringsmål i fokus i ulike deler av spesialistløpet, dette skal det legges ein plan for med den enkelte LIS i halvårsevaluering.  

Poliklinikktjenesten skal omfatte minimum 24 mnd. tjeneste (men anbefalt 36 mnd.) med vekt på gjennomføring av aktuelle læringsaktivitetar slik det framgår av kompetanseportalen.  

Gjennom spesialistutdanninga er det krav om 12 mnd. tjeneste på sengepost. Inntil 6 mnd. av dette kan gjennomføres på familieininga i Molde, 6-12 mnd. gjennomføres på Ungdomspsykiatrisk sengepost med akutt- og utredningsenhet (UPD) Ålesund sjukehus. 

12 mnd. tjeneste på voksenpsykiatrisk avdeling kan gjennomføres når som helst i utdanningsløpet men det anbefales i den grad det er mulig å gjennomføre tjenesten samla. Det er gode muligheiter for å få gjennomført voksenpsykiatrisk tjeneste ved samme sjukehus i Kristiansund, vi jobber med å få gode avtaler på plass og har erfaringsmessig fått dette til for dei fleste LIS.  

4-6 mnd. tjeneste på barnemedisinsk avdeling kan gjennomføres ved Ålesund sjukehus. Tjenesten bør fortrinnsvis gjennomføres sent i utdanningsløpet og bør gjennomføres samla. Det er avtale om rotasjon til barneavdeling etter eigen plan, der både tid igjen til ferdig spesialist og eigne ønsker har hatt betydning for når i utdanningsløpet tjenesten er planlagt.  



Nye LIS i vår avdeling vert tildelt veileder frå første dag. Veileder og LIS vil i samråd med seksjonsleiar på den aktuelle seksjonen legge ein plan for den første tilsetjingsperioda med vekt på opplæring. Vi legg opp til at ein i starten er mykje ilag med meir erfarne kolleger på varierte pasientkontakter. Avdelinga set jevnlig opp kurs i spesifikke tema som akutt og sucidalvurdering for nytilsette. LIS deltek i obligatorisk undervisning og vert fort introdusert for øvrige leger i avdelinga. I løpet av dei første månader vil ein gradvis få meir sjølvstendig ansvar for pasientforløp og vurderinger, med kontinuerlig veiledning og supervisjon. ​

Vi har regionalt samarbeid om internundervisning for LIS med ein 3-årig rullerande undervisningsplan som skal dekke aktuelle læringsaktiviteter i dei ulike læringsmål slik det framgår av kompetanseportalen. Det er krav om 80 % frammøte på internundervisning. 

Den legespesifikke undervisninga foregår på tre plan som til sammen dekker krav om minimum 70 timer undervisning per år: 

  • ​Felles internundervisning for alle LIS skjer i møter både på Teams og fysisk samlet. Undervisningsplan for komande termin presenteres i god tid. 
  • Ferdigheitstrening (F-lab) felles for alle LIS i avdelinga 4 ganger årlig.
  • Regionale 2-dagers undervisningssamlinger for LIS i BUP Helse Midt-Norge  3 ganger årlig (2 av desse fast i Trondheim, ei samling på våren som rullerer mellom Ålesund, Molde og Levanger). 


Ferdighetstrening foregår felles i heile avdelinga som F-lab der alle LIS møtes i Molde eller Ålesund ilag med minst ein overlege frå utdanningsutvalget. Dette er heildagssamlinger der vi øver på ferdigheter som t.d. leikeobservasjon, semistrukturerte diagnostiske intervju, nevromotorisk undersøkelse eller bruk av konkrete utgreiingsverktøy.

LIS vil dele ansvar for pasientoppfølging med meir erfaren LIS, overlege eller andre erfarne kolleger. Vi legger opp til gradvis meir sjølvstendig pasientansvar utover i spesialistløpet. LIS vil vere del av tverrfaglig team med spesialist tilstades. Vi tilstreber at veileder og utdanningskandidat er på samme team. Vi vil i større grad enn tidligare legge opp til felles pasientkonsultasjoner med LIS og veileder for å bidra til meir mester-svenn læring. Ferdigehetstrening gjennom "F-lab" med LIS og overleger som tidligare, fokus da på trening av spesifikke ferdigheter.

Alle LIS får tildelt veileder fra start, veileder er overlege i eigen avdeling og i dei tilfelle vi får det til vil veileder vere på same team som aktuelle LIS. Det legges opp til fast individuell veiledning med spesialist/overlege 1 time/veke, som kjem i tillegg til psykoterapiveiledning. Noko av veiledninga (inntil 1/3) vil kunne gis i gruppe. Vurderinger vil dels vere gjennom direkte observert pasientbehandling, dels gjennom veiledning og dels gjennom veiledningskollegium som vil ha form som tidlegare halvårsevalueringer med seksjonsleiar, veileder, utdanningsansvarleg overlege og LIS. I dei tilfeller det er vurdert hensiktsmessig vil teamkoordinator også ta del i halvårsevaluering.   

Andre erfarne kolleger, også frå andre faggrupper, vil bidra med supervisjon i utdanninga. Tverrfaglig arbeid er viktig i vårt fagfelt og LIS vil få erfaring med samarbeid på tvers av faggrupper frå starten i vår avdeling. 


Dei einskilde læringsaktivitetane og læringsmåla vert fortløpande vurdert og dokumentert i Kompetanseportalen. Det er di oppgåve å registrere alle læringsaktivitetar du gjer. For å sikre at du som LIS oppnår fagleg progresjon og innfrir kompetansekrava i spesialistutdanninga, vil det verte gjennomført regelmessig kompetansevurdering slik vi har beskrive over. Leiar har overordna ansvar for at læringsmål vert vurdert og godkjent og at dette vert dokumentert i Kompetanseportalen.​


I psykisk helsevern for barn og unge har vi i vår region valgt å knytte godkjenning av læringsmål opp mot halvårsevalueringer. Vi gjennomfører slike evalueringer to ganger i året der faste deltakere er LIS, veileder, representant fra utdanningsutvalget og seksjonsleiar. Når det er relevant vil også fleire vere tilstade, t.d. andre supervisører, biveileder/psykoterapiveileder eller teamkoordinator. Utdanningsutvalget lager ein plan for slike halvårlige evalueringsmøter med alle LIS i avdelinga. 

Avdelinga er involvert i fleire forskningsprosjekter og har fleire fagpersoner i aktive forskerstillinger. Vi deltek mellom anna i BUP-gen studien og behandlingsstudie med 4-dagers behandling ved tvang- og angstlidelser. Det er gode muligheiter for å få innsikt i forskningsarbeid gjennom t.d. å bruke fordjupningstid inn i dei aktuelle prosjekta. 

Felles kompetansemål er ei eiga gruppe av læringsmål som er felles for alle spesialitetar. Tema for desse læringsmåla er samhandling med pasientar og kollegaer, kommunikasjon, etikk, pasient- og pårørandeopplæring, pasient- og brukermedverknad, kvalitet og pasientsikkerheit, forskingsforståing, kunnskapshandtering og systemforståing, organisasjonsutvikling og leiing.
Felles kompetansemål vert integrert i det daglege kliniske arbeidet. I tillegg er fleire av desse læringsmåla godt egna til tema for både individuell rettleiing og grupperettleiing. Fleire av læringsmåla vert dekt gjennom felles kurs på tvers av ulike spesialitetar organisert av helseforetaket. Sistnemnte gjeld mellom anna for kunnskapshandtering, forbetringsarbeid og forskingsforståing der den enkelte LIS skal delta på ei oppsett kursrekke i regi av helseforetaket. Som del av kurs i kunnskapshandtering og forbetringsarbeid skal det gjerast ei prosjektoppgåve i forbetringsarbeid. Denne kan gjennomførast i grupper dersom dette er ønskeleg, og gjerne internt i eiga avdeling. Tema for prosjektoppgåva bør drøftast med rettleiar og skal og avklarast med nærmaste leiar. I tillegg vert fleire læringsmål i FKM dekt i eit obligatorisk kurs om supervisjon, rettleiing og kommunikasjon som alle LIS i foretaket skal delta på. 
Det er ønskeleg at felles kompetansemål vert fullført før ein reiser i rotasjonsteneste til universitetssjukehus. ​

Alle LIS skal ha ein individuell utdanningsplan. Denne skal beskrive både innhaldet i spesialistutdanninga og ein plan for korleis den einskilde skal gjennomføre sitt spesialiseringsløp. Den individuelle utdanningsplanen skal vere eit verktøy for planlegging og oppfølging av deg som LIS. Ved tilsetjing av ny LIS har arbeidsgjevar ansvar for å lage ein individuell utdanningsplan. Det er naturleg at denne vert utarbeidd i samråd med deg som LIS og rettleiar. I den individuelle utdanningsplanen skal det framgå mellom anna når ein ser føre seg å gjennomføre dei ulike rotasjonane, sentralteneste ved universitetssjukehus og teneste ved indremedisinsk avdeling. Dette kan naturleg nok endre seg undervegs, men for best mogleg samkjørt planlegging av utdanninga til LIS-legane i avdelinga er det naudsynt å kunne legge overordna planar litt fram i tid.​

I avdeling psykisk helsevern for barn og unge har vi eit felles utdanningsutval. Leiar i utdanningsutvalet har også ansvar som utdanningskoordinerande lege og er avdelinga sin representant i regionalt rotasjonsråd. Utdanningsutvalget består i hovedregel av ein utdanningsansvarlig overlege frå kvart sjukehus (Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund), utdanningskoordinerande lege og ein LIS-representant.

Vi har felles YLF-tillitsvalgt for avdelinga, eigen tillitsvalgt for overlegane. 

For spørsmål om spesialistutdanningen kan du ta kontakt med utdanningskoordinerande lege i avdelinga, overlege Morten Hjelle, e-post: Morten.Erik.Hjelle@helse-mr.no
Sist oppdatert 25.07.2023