Spesialisering i generell indremedisin ved Kristiansund sjukehus

Vi har ei felles indremedisinsk avdeling som dekker behandlingstilbodet til indremedisinske pasientar på Nordmøre, om lag 50 000 innbyggjarar. Ved avdelinga er det 9 LIS1, 11 LIS 2/3 og 13 overlegar. Vi tar imot all indremedisin på vakt og har polikliniske behandlingstilbod innan generell indremedisin, fordøyelsessjukdommar, hjartesjukdommar, lungemedisin, nyremedisin, diabetes, hematologi/onkologi og geriatri. Alle deltek i ordinær felles generell indremedisinsk vaktordning. Tilstedevakt for LIS1 og LIS 2/3, heimebasert vakt på natt for overlegar.

Akuttmottak med 5 mottaksrom. Akutt 12 er observasjonspost tilknytta akuttmottaket med 3 senger som opna i 2022 med opningstid frå kl. 9 til 21. Det er ordinær sengepost med 30 senger og felles intensivavdeling med 4 medisinske senger.


Hos oss får du utdanning som gjer det mogleg å få oppfylt alle læringsmåla i del 2 felles indremedisin, med noko hospitering ved andre avdelingar på sjukehuset. Vi reknar med at du treng om lag 3,5 år på å få oppfylt alle læringsmåla som hører til del 2. Vanlegvis startar du med teneste som er tilpassa del 2 av spesialiseringa dersom du har lite erfaring frå tidlegare. Etter kvart som du får meir erfaring får du meir krevande oppgåver slik at du også kan få oppfylt læringsmål for del 3 indremedisin. Vi reknar med at du treng om lag 2 år på å få oppfylt alle læringsmåla i del 3. Du får oppfylt også det meste av desse læringsmåla ved vår avdeling, men du vil trenge 1 år teneste ved sjukehuset i Ålesund for å få oppfylt alle læringsmåla i spesialiteten.

Når du startar hos oss får opplæring i IT-verktøy for prosedyrer og nødvendig opplæring i bruk av relevante dataprogram du treng. Du får og tildelt rettleiar. Du får og opplæring i vaktarbeid før du blir sett i sjølvstendig vakt.

Den teoretiske undervisninga skjer i samband med 11.15-møter og utgjer 90 minutt i veka. I tillegg har dei ulike fagområda eigen undervisning med andre sjukehus i føretaket eller webbasert regionalt eller nasjonalt. Teoretisk undervisning i avdeling 90 min/uke i 38 veker. 

Som LIS får du fri til å delta på nasjonalt anbefalte kurs for spesialiteten.

Vi har trening av MET-team kvar månad og har og regelmessig trening i AHLR.

Avdelinga vår er ikkje stor og du vil jobbe tett ilag med alle spesialistane. Det er dermed god tilgang på råd og hjelp etter behov, og tilgangen på både formell og uformell supervisjon og rettleiing er god.

Du vil få supervisjon av ansvarleg overlege ved sengepost, spesialist på poliklinikken og av bakvakt.

Rettleiing og fagleg utvikl​ing

Du får tildelt rettleiar når du startar hos oss og både du og rettleiar har eit felles ansvar for at rettleiing blir gjennomført. Det er lagt opp til rettleiing kvar månad. I tillegg kan det av og til bli arrangert grupperettleiing.

Det er sett av tid til fagleg fordjuping tilsvarande 4 timer per veke i arbeidsplanen.


Kvar enkelt læringsaktivitet og læringsmål blir fortløpande vurdert og dokumentert i Kompetanseportalen. Det er di oppgåve å registrere alle læringsaktivitetar du gjer. For å sikre at du som LIS oppnår fagleg progresjon og innfrir kompetansekrava i spesialistutdanninga, vil det bli gjennomført regelmessig kompetansevurdering slik vi har beskrive over. Leiar har overordna ansvar for at læringsmål blir vurdert og godkjent og at dette blir dokumentert i Kompetanseportalen.​

Det er to legar i PhD-løp i avdelinga og ein tredje på gang. Vi leiger lokale i Campus Kristiansund for PhD-kandidatar. Vi deltek også i regionale forskingsprosjekt. Det er eiga forskingsavdeling i Ålesund som vi og nyttar etter behov.

Felles kompetansemål er ei eiga gruppe av læringsmål som er felles for alle spesialitetar. Tema for desse læringsmåla er samhandling med pasientar og kollegaer, kommunikasjon, etikk, pasient- og pårørandeopplæring, pasient- og brukermedverknad, kvalitet og pasientsikkerheit, forskingsforståing, kunnskapshandtering og systemforståing, organisasjonsutvikling og leiing.

Felles kompetansemål er integrert i det daglege kliniske arbeidet. I tillegg er fleire av desse læringsmåla godt egna til tema for både individuell rettleiing og grupperettleiing. Fleire av læringsmåla blir dekt gjennom felles kurs på tvers av ulike spesialitetar organisert av helseføretaket. Sistnemnte gjeld mellom anna for kunnskapshandtering, forbetringsarbeid og forskingsforståing der den enkelte LIS skal delta på ei oppsett kursrekke i regi av helseføretaket. Som del av kurs i kunnskapshandtering og forbetringsarbeid skal det gjerast ei prosjektoppgåve i forbetringsarbeid. Denne kan gjennomførast i grupper dersom dette er ønskeleg, og gjerne internt i eiga avdeling. Tema for prosjektoppgåva bør drøftast med rettleiar og skal og avklarast med næraste leiar. I tillegg blir fleire læringsmål i FKM dekt i eit obligatorisk kurs om supervisjon, rettleiing og kommunikasjon som alle LIS i foretaket skal delta på.

Det er ønskeleg at felles kompetansemål blir fullført før ein reiser i rotasjonsteneste til universitetssjukehus. ​

Alle LIS skal ha ein individuell utdanningsplan. Denne skal beskrive både innhaldet i spesialistutdanninga og ein plan for korleis den enkelte skal gjennomføre sitt spesialiseringsløp. Den individuelle utdanningsplanen skal vere eit verktøy for planlegging og oppfølging av deg som LIS. Ved tilsetting av ny LIS har arbeidsgivar ansvar for å lage ein individuell utdanningsplan. Det er naturleg at denne blir utarbeidd i samråd med deg som LIS og rettleiar. I den individuelle utdanningsplanen skal det framgå mellom anna når ein ser føre seg å gjennomføre dei ulike rotasjonane, sentralteneste ved universitetssjukehus og teneste ved anna avdeling. Dette kan naturleg nok endre seg undervegs, men for best mogleg samkøyrt planlegging av utdanninga til fleire LIS i avdelinga er det nødvendig å kunne legge overordna planar litt fram i tid.​

Utdanningsutvalet utgjerast av ein overlege og ein LIS-lege. Det er overlege som er leiar av utdanningsutvalet. Utvalet planlegg gjennomføring av internundervisning, ser til at nye LIS får tildelt rettleiar og arbeider for god kvalitet i utdanninga.

Det er tillitsvalgte på både avdelings-, sjukehus- og foretaksnivå. Samarbeidet mellom dei tillitsvalte er godt og dei blir inkludert i alt som er relevant for LIS-gruppa.

For spørsmål om spesialistutdanninga, ta kontakt med:
Åge Austheim, kardiolog/utdanningsansvarlig overlege.



Her finn du ei oversikt over andre spesialistutdanningar i Helse Møre og Romsdal.






Sist oppdatert 02.05.2023