Nye LIS1-legar i gang ved alle våre sjukehus
44 nye LIS1-legar har denne hausten starta ved sjukehusa i Ålesund, Volda og på SNR. No oppmodar utdanningskoordinerande overlege Thuy Tran alle tilsette om å ta godt imot dei nye kollegaene.

Dei nye legane har gjennomført ei felles introduksjonsveke med undervisning, ferdigheitstrening og praktisk opplæring. Målet er å gi ein trygg overgang frå medisinstudiet til rolla som lege i sjukehus.
– Det er svært gledeleg at 44 nye LIS-legar no startar ved våre tre sjukehus i fylket. Vi håpar mange av dei vil ønskje å halde fram spesialiseringa og yrkeslivet sitt hos oss også etter LIS1-perioden, seier utdanningskoordinerande overlege Thuy Tran.
Gjennom introduksjonsveka har legane fått innføring i sjukehusdrift, pasientsikkerheit, arbeidsrutinar og kliniske ferdigheiter. Det har òg vore lagt vekt på å skape tryggleik i den nye rolla og å bli kjend med sjukehuset, avdelingane og kollegaene.
Tran har ei oppmoding til alle tilsette: – Ta godt imot dei nye LIS1-legane. Eit godt læringsmiljø blir skapt av alle som jobbar rundt dei kvar einaste dag. Saman har vi ansvar for å gi dei ein trygg, lærerik og inspirerande start på legekarrieren.
Les meir om utdanninga Tryggare for kvar dag som LIS1 ved SNR - Helse Møre og Romsdal
Ny podkast gir viktige verktøy i LIS-utdanninga - Helse Møre og Romsdal





