Nybygg AIO

Ein stor del av AIO-prosjektet er knytta opp mot eit nybygg mellom høgblokka og Barneavdelinga som også omfatter ombygging av lokala i dagens akuttmottak. Nybygget blir på omtrent 2750 kvm fordelt på tre etasjar.

Sett sorfra.png

Det planlagte nybygget blir liggande i tilknytning til høgblokka som vist på denne illustrasjonen.


Saman med ombygging vil ein få nytt akuttmottak og Akutt24 (kortidspost). Dette inneber:
- Betre handtering av kontaminerte pasientar herunder etablering av eit isolat
- Oppgradering og utviding av området for traumeteam
- Sikre formålstenlig tilgang til CT fasilitet for bl.a. akuttpasientar
- Betre flyt for dei som kjem sjølv til mottaket
- Betre skjerming av ambulansar i samband med ankomst til akuttmottaket
- Bedre mulighet for å konferere pasientar

Akutt24 skal bidra til at kapasiteten på akuttmottaket kan dimensjonerast i forhold til gjennomsnittleg toppbelastning, ved at korttidsposten «ventilerer» dei ekstreme toppane.

Nybygget vil også huse intensiv og tung overvåkning (intermediær). Det vil gi:
- Intensivrom tilpasset moderne utstyr og med gode arbeidsforhold
- Gode siktlinjer i lokala som letter samhandling
- Betre handtering av kontaminerte og smittepasientar, herunder etablering av isolat
- Skjermede personalsoner
- Tre godt integrerte enheter: Intensiv, tung overvåkning og postoperativ i tett samspill for auka fleksibilitet, effektivitet og forbetra ressursutnytting.

I tillegg blir det meir areal til poliklinikk og dagbehandling i det nye bygget.



Sist oppdatert 20.04.2023