OU-arbeid og involvering

For å kunne hente ut forventa faglege og driftsøkonomiske effektar av byggeprosjekta ved Ålesund sjukehus, vil det pågå eit omfattande organisasjonsutviklingsarbeid (OU) og medvirkning frå dei tilsette som skal sikre kompetanse til å ta i bruk nye areal, ny logistikk og ny teknologi på ein god og effektiv måte. Ei like viktig gruppe å involdere er brukarane av tenestene ved sjukehuset.

OU-arbeidet inneber å sjå på korleis samanhengen skal vere mellom dei forskjellige eingane, korleis ein skal organisere pasientflyten og korleis ein skal nytte ressursane best mogleg. Det vil handle om personal, utstyr og korleis pasientene kan komme betre gjennom opphaldet sitt.

Fagmiljøa på sjukehuset er den største ressursen for å finne dei gode løysingane. Det er
difor planlagt fleire samhandlingsarenaer og arbeidsgrupper (funksjonsgrupper) for å skape ein felles arena for utviklingsarbeidet mellom utbyggingsorganisasjonen og utviklingsorganisasjonen.


Utviklingsorganisasjonen har også jevnlige møter med tillitsvalgte (TV) og verneombud (VO) gjennom prosjektet. Ytterlige medvirkning av tillitsvalgte og vernetjeneste skjer i allerede etablere fora i linjeorganisasjonen i HMR.

​Brukarinvolvering
Vi er avhengig av at pasientar og brukarar deltar i AIO-prosjektet ved Ålesund sjukehus for å få eit godt sluttresultat.

Like viktig som medvirkning frå tilsette er medvirkning frå pasientar eller pasient-representantar. På mange områder er det nødvendig at pasientane sitt i planleggings-gruppene og deltar på lik linje med tilsette i diskusjonar og beslutningar. På andre områder er det meir hensiktsmessig med meir generell orientering om løysingar i Brukerutvalet til HMR.

Gjennom konseptfasa har Brukarutvalet i HMR hatt ei tydelig stemme inn i fleire av arbeidsgruppene, og tilsvarande deltaking blir gjennomført i forprosjektet og i gjennomføringsfasa.


Sist oppdatert 18.04.2023