Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Gjennomfører dialogmøter om bygningsmessig utviklingsplan

I oktober 2017 blei arbeidet med den bygningsmessige utviklingsplanen satt midlertidig på vent. No er prosessen i gang igjen, med auka involvering av tilsette og tillitsvalde.

Publisert 11.01.2018
Sist oppdatert 17.01.2018

Ilustrasjonsbilde bygningsmessig utviklingsplan

Utkast til «Utviklingsplan 2019-2022» blei behandla i styremøte den 25. oktober, og deretter lagt ut på offentleg høyring i seks veker, med ein forlenga intern høyringsfrist til den 20. desember. Arbeidet med «Bygningsmessig utviklingsplan» skulle gå parallelt, men blei satt midlertidig på vent i oktober.

Grunnane til dette var m.a. at forslaga skulle samstemmast med den faglige utviklingsplanen, forslag til endringar som ikkje var realistiske eller aktuelle skulle takast ut, tiltak måtte sjåast opp mot økonomi og langtidsbudsjett og prosessane med tanke på forankring og involvering av tilsette burde bli betre. .

Involvering av tilsette

Prosjektgruppa, som består av tilsette, representantar frå tillitsvalde, verneteneste og brukarane, gjennomførte før jul ei evaluering av prosessen så langt, og fekk utfordringa med å få arbeidet med involvering på sporet igjen.

I neste veke inviterer dei til dialogmøter og idedugnad med tilsette, tillitsvalde og verneteneste ved sjukehusa i Volda og i Ålesund. Deltakarane blir peika ut av klinikksjef, føretaks- og hovudtillitsvalde, og formålet med møtet er informasjon og medverknad. Møta blir gjennomført etter same mal begge stadar.

Legg fram skisser til diskusjon

I mandatet for den bygningsmessige planen, inngår heile HMR utan SNR (Lundavang, Kristiansund og Hjelset), og prosjektet er i ei fase der ein no teiknar utbyggingsscenarier for sjukehusa i Ålesund og Volda. Det betyr at møta i denne omgang i hovudsak vil omhandle sjukehusa i Volda og Ålesund, men det blir lagt opp til noko informasjon i møta om dei prosessane som blir starta opp i andre halvår av 2018 og som skal omhandle dei bygga som vi eig sjølve og som ligg utanom sjukehusa (t.d. distriktspsykiatriske senter, rusinstitusjonar og rehabiliteringsinstitusjonar).

Fleire framtidsbilder/scenarier for sjukehusa i Volda og Ålesund blir presentert slik at ein kan få diskusjonar, konkrete tilbakemeldingar og innspel på løysningar. Under kan du sjå skissene for dei to sjukehusa, og gi gjerne innspel til deltakarane som skal vere med i møtet.

Sjå skissene som blir lagt fram som grunnlag for idedugnad og diskusjon::
Skisse for Ålesund
Skisse for Volda

Desse deltek i møta.

Program for møta i Volda og Ålesund:
• Velkommen
• Status og vegen vidare
• Gjennomgang av ulike utbyggingsscenarier
• Gruppearbeid og oppsummering i plenum
• Avslutning

 

Program for dialogmøta

Vegen vidare

Innspel som kjem inn til prosjektgruppa gjennom dialogmøta blir vurdert, og deretter lagt fram for styringsgruppa for utviklingsplanen (består av leiargruppa pluss representantar for tillitsvalde, verneteneste og brukarar). Deretter vil saken bli behandla i  leiargruppa før adm.dir. legg lanen for styret i Helse Møre og Romsdal den 21. februar.


Forskjellen mellom «Utviklingsplan 2019-2022» og «Bygningsmessig utviklingsplan»

 

Helse Møre og Romsdal har to viktige planarbeid i gong som skal ferdigstillast om kort tid. Den eine, «Utviklingsplan 2019-2022», handlar om den fagleg utviklinga til HMR, medan «Bygningsmessig utviklingsplan» handlar om korleis bygg og infrastruktur må tilpassast den faglege utviklinga.

«Bygningsmessige utviklingsplan» har ein planhorisont fram mot 2035, og omhandlar alle bygg utanom Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (Lundavang, Hjelset og Kristiansund sjukehus) fordi dei allereie er utgreia i konseptrapporten. Bygg som HMR leiger (t.d. ambulansestasjonar) er haldne utanfor det bygningsmessige planarbeidet. .