Sengepost barn og ungdom Kristiansund

Vi tek imot barn frå 0 - 18 år for innlegging og dagbehandling, akutt hjelp og planlagte innleggingar. Vi har åtte sengeplassar og behandlar barn med både medisinske og kirurgiske sjukdommar. Barnelegane har ansvar for dei medisinske barna og leger fra kirurgisk avdeling for dei kirurgiske.

Sengepost og dagbehandling er ein del av Barne- og ungdomsavdelinga ved Kristiansund sjukehus. Vi ønskjer barn, ungdom og foreldre/foresatte velkomen til avdelinga og ønskjer dykk eit best mogleg opphald. Spør oss om det er noko du lurer på!

For at barnet ditt skal føle seg trygg før innlegging på sjukehus, vil vi oppfordre deg som foreldre til å informere barnet/ungdomen på førehand om kvifor dei skal på sjukehuset. 

Når du kjem til sjukehuset 

Vi tar imot deg ved sengeposten i 3. etasje. Når du skal til planlagt behandling kjem du til avdelinga anten dagen før eller den dagen du skal til operasjon/undersøking/utgreiing. Når det er mange pasientar i avdelinga, kan det bli litt venting både ved inn- og utskrivinga, og det kan ta litt tid før dykk får tildelt rom. Det kan også vere greitt å vite at ein kanskje må byte rom under opphaldet.

Pasientar som må ha akutthjelp, blir tatt i mot heile døgnet.

Under opphaldet

Som barn har du har rett til å ha ein pårørande hos seg under innlegginga, og denne personen får overnatte på same rom som deg. Denne personen får fri kost ved opphaldet, medan øvrige pårørande kan kjøpe mat i kantina til sjukehuset i 2.etasje, og i kiosken i vestibyla. Når vi har anledning til det, avlastar vi gjerne føresatte, slik at dei kan få ordna praktiske gjeremål og liknande.

Redusert kapasitet i helgene

Lavare bemanning i helgene, betyr at vi ikkje kan ha like mange pasientar som på kvardagar. Ved manglande kapasitet ved sengeposten i Kristiansund i helga må barn med barnemedisinsk sjukdom leggast inn eller overflyttast til Barne- og ungdomsavdelinga ved Ålesund sjukehus. Barn med ortopedisk sjukdom kan leggast inn eller overflyttast til ortopedisk sengepost ved Kristiansund sjukehus.

Dersom det skulle vere naudsynt å overflytte pasientar, er det vakthavande barnelege som avgjer kven som evt. må leggast inn eller overflyttast til annan avdeling eller sjukehus. Målet er å gjere dette på ein måte som gir minst mogleg belastning for pasientar og pårørande. Vi seier oss lei for at dette kan medføre ei ekstra byrde.

Heimreise

Legen avgjer når du er friskt nok til å reise heim. Det vanlege er at ein blir skriven ut etter legevisitten. Ved utreise får du ein utskrivingssamtale med lege.

 

Utvidar stenging av døgntilbodet til barn

Grunna akutt mangel på spesialistar og sjukepleiarar, blir døgntilbodet til barn og unge i Kristiansund haldt stengt fram til 2. september.
Drift av barneavdelinga i Kristiansund
Hovudinngangen ved Kristiansund sjukehus

Kontakt

Telefon

Måndag - fredag kl 08:00 - 15:30

Postadresse

Helse Møre og Romsdal HF Postboks 1600 6026 Ålesund

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Kristiansund sjukehus, 3. etasje.

Adresse

Hovudinngangen ved Kristiansund sjukehus

Kristiansund sjukehus

Herman Døhlens vei 1

6508 Kristiansund

Praktisk informasjon

Foreldre/føresette kan vere med barnet på sjukehuset. Éin kan overnatte. Søsken og andre i familien kan kome i spesielle tilfelle. Dette kan du avtale med sjukepleiar eller lege på sengeposten.  
 

Kurs og møter