Vel møtt til Dialogkafé
Lærings- og meistringssenteret i Helse Møre og Romsdal inviterer alle som er involverte i brukarorganisasjonar, pasientorganisasjonar eller andre interesserte til dialogkafé og samarbeid rundt pasient/brukar- og pårørandeopplæring tysdag 7. februar 2023.
For Lærings- og meistringssenteret (LMS) er eit godt samarbeid med brukarorganisasjonar og brukerutvalet/ungdomsrådet viktig. Vi arbeider med brukarmedverknad på fleire måtar og inviterer no til dialogkafé.
Vel møtt til dialogkafe med tema rundt samarbeid om pasient og pårørandeopplæring. Korleis kan fleire brukarar, pasientar og pårørande få kunnskap om eigen sjukdom, korleis identifisere behovet for opplæring og korleis kommunisere godt?
Tid: Tysdag 7. februar 2023 kl. 14.30 - 17.00
Stad: Velferdssalen ved Ålesund sjukehus
Det vert servering av kaffe, te og enkel kaffemat.
For påmelding til dialogkaféen send e-post til rådgivar Espen Ervik ved LMS (Ålesund) på e-post: Espen.Ervik@helse-mr.no
Påmeldingsfrist innan 25. januar.
For å finne velferdsalen kan du gå inn hovedinngang syd på Ålesund sjukehus, ta til høgre og ned første trapp.