Det viktigaste i ei allergologisk utgreiing er ei grundig sjukehistorie. Dette skal gi ei oversikt over kva du er allergisk mot, kor lang tid det tar frå du er eskponert for allergenet til du får ein reaksjon og om det er typiske allergiske symptom.
Ulike testar som prikktest og blodprøvar blir brukt i tillegg til sjukehistorie og ei vanleg klinisk undersøking. Det er ikkje nokon testar som påviser ein allergi, men saman med sjukehistorien din kan det styrke ein allergidiagnose.
Det er ikkje anbefalt å ta blodprøvar utan ein grundig gjennomgang av sjukehistorien. Dette fordi blodprøvane kan vere positive utan at du har ein allergi, og du kan få feil diagnose og ein eller fleire matvarar blir fjerna frå kosthaldet utan at det er naudsynt.
Det er grunnlag for å ta blodprøve dersom du får typiske symptom på straksallergi frå minutt til timar etter inntak av ein matvare, eller ved moderat til alvorleg eksem som ikkje blir bedre ved behandling.
Ved nokre tilfelle er det naudsynt med ein såkalla provokasjon for endeleg avklaring.


