Behandling
Graviditet - blodpropp før eller i svangerskapet
Det er viktig for deg som er gravid å kjenne til symptoma på blodpropp. Ver obs på einsidige smerter i lyske, særleg venstre side, låge einsidige magesmerter eller om du blir akutt tungpusten, rask pust og høg puls. Slike symptom bør undersøkjast av lege relativt raskt.Introduksjon
Eit svangerskap aukar risikoen for blodpropp med 5-10 gonger. Dette gjeld blodpropp i venane som fører blodet frå kroppen og tilbake til hjartet. Det vanlegaste er å få blodpropp i beina (djup vene trombose) eller i lungene (lungeemboli). Risikoen er auka heile svangerskapet, men er absolutt høgast dei første 6 vekene etter fødsel.
Blodpropp i låret eller lysken
Hos gravide sit ofte blodproppen i låret eller i lysken og ofte på venstre side (80-90%). Hos ikkje-gravide er det mest vanleg med blodpropp i leggane.
Symptoma er ofte smerter i lysken, men det kan også vere einsidige låge mage- eller ryggsmerter. Etter kvart vil beinet hovne opp. Diagnosen bli stilt ved ultralyd av beina og lyskane.
Har du hatt blodpropp utan å vere gravid eller i tidlegare graviditet er det tilrådd med blodfortynnande sprøyter (LMVH) i heile svangerskapet og til 6 veker etter fødsel for å førebyggje ny blodpropp.
Blodpropp i halsen eller hovudet
Blodpropp kan også oppstå andre stader, for eksempel på halsen. Denne er ofte forbundet med overstimulering etter prøverøyrsbehandling.
- Venøs blodpropp i hovudet (sinus vene trombose) blir behandla på same måte som blodpropp i bein eller lunger. Denne har god prognose.
- Arteriell blodpropp i hovudet (hjerneslag) er svært sjeldan og blir behandla på same måte som hos ikkje-gravide.
Dersom du er gravid og tidlegare har hatt hjerneslag, bør du få blodfortynnande medisinar i svangerskapet (vanlegvis aspirin-tablettar). Dette er ufarleg for deg og for barnet.
Før
Nokre gonger løyser ein blodpropp ute i venene og stoppar i lungen (lungeemboli). Dette kan vere livstrugande om du ikkje får behandling. Symptoma er at du blir tungpusten, rask pust, høg puls og eventuelle smerter. Diagnosen blir stilt ved ein CT undersøking eller ein isotop undersøking av lungene. Undersøkingane er ikkje farleg for barnet.
Under
Både akutt blodpropp i beina og lungene blir behandla med injeksjonar med blodfortynnande medisin. Medisinen gir god og trygg behandling for deg og blir ikkje overført til barnet fordi han ikkje passerer morkaken. Det er ikkje auka risiko for svangerskapskomplikasjonar og du kan vanlegvis føde normalt. Det er ein litt auka risiko for bløding under og etter fødsel. Dette er fødselshjelparane førebudd på og har eventuelle tiltak klare.
Blodfortynnande medisin kan gje avgrensingar for om du kan få eller når du kan få epiduralbedøving under fødsel. Dette er avhengig av når siste dose med blodfortynnande medisin er sett. Vanlegvis kan epidural bli gitt 24 timer etter behandlingsdose og 10-12 timar etter førebyggjande dose.
Etter
Når barnet er fødd gir ein første dose blodfortynnande medisin (lav molekylært heparin) cirka 6 timar etter fødsel. Ved stor bløding kan dette utsetjast noko. Du fortset med blodfortynnande behandling i 6 veker etter fødsel.
Det er svært viktig at du tar blodfortynnande medisinar i desse 6 vekene då risiko for ny blodpropp aukar. Det er heilt trygt å amme mens du tar medisinane.