Behandling av handleddsbrotet
Etter at du har fått stadfesta at du har eit brot i handleddet, er det vanleg å få gips. I nokre tilfelle er det også behov for bedøving og at brotet blir sett på plass.
I denne akutte fasen er det vanleg at handleddet hovnar opp. Det er viktig at du held handa høgt og at du bevegar fingrane. Dette for å redusere hevelsen og hindra at det blir trongt i gipsen. Dette vil også avgrense smerter og tilstiving i fingrane.
Gipsen må haldast tørr og rein, bruk plastpose eller dusjpose ved dusjing. I den perioden du har gips skal du ikkje belaste handleddet tungt. Du får time for skifte av gips, røntgenkontroll og instruksjon i øvingar av fysioterapeut ca. 1 veke etter at gipsen vart lagd. Gipsen skal du sjølv klippe av etter 5 veker dersom du ikkje har fått annan beskjed.










