Kirurgisk utskraping før svangerskapsveke 12
Kirurgisk abort
I Noreg har kvinner lovfesta rett til sjølvbestemt abort før svangerskapsveke 18 (17+6). Seinare i svangerskapet må søknaden behandlast av ei abortnemnd.
Ved kirurgisk abort blir det gjort ei utskraping frå livmora. Inngrepet kan bli gjort fram til og med svangerskapsveke 12.
Det kan vere vanskeleg å ta ei avgjerd om å fullføre eller avbryte eit svangerskap. Treng du nokon å snakke med, kan du ringe Amathea på telefon 90 65 90 60. Amathea er ei gratis rettleiingsteneste ved val knytte til graviditet og abort.
Tilvising og vurdering
Planlagd oppfølging ved ufrivillig graviditet startar vanlegvis hos fastlege som tilviser til sjukehuset. Du kan også ta direkte kontakt med sjukehuset for undersøking og vidare oppfølging, det er ikkje nødvendig med tilvising frå fastlege.
Det er viktig at du tar kontakt med fastlegen eller kontaktar sjukehuset direkte så tidleg som mogleg dersom du er ufrivillig gravid og vurderer å avbryte svangerskapet.
Hos fastlegen
Fastlegen vurderer svangerskapslengde før vidare tilvising til sjukehuset.
På sjukehuset
På sjukehuset får du samtale med sjukepleiar og/eller gynekolog. Det vil bli gjennomført ein vaginal ultralyd og ein gynekologisk undersøking for å fastslå svangerskapslengde og tatt klamydiatest.
Du vil få grundig informasjon og samtale før endeleg behandlingsmetode blir vedtatt. Vanlegvis blir aborten sett i gang med medikament. Du vil bli beden om å signere eigenerklæringa «Krav om svangerskapsavbrot».
Før
På sjukehuset får du ein samtale med sjukepleiar og/eller lege. Det blir gjort ei gynekologisk undersøking med ultralyd for å fastslå svangerskapslengde. Om du skal ha ein kirurgisk abort, vil gynekologen vurdere om du treng forbehandling i form av tablettar i skjeden for å mjuke opp livmorhalsen. Du vil få informasjon dersom slik forbehandling skal startast heime, eller på sjukehuset.
Du får grundig informasjon og samtale før endeleg behandling blir bestemt. Før behandlinga må du lese gjennom og signere «Krav om svangerskapsavbrot».
Dersom du skal starte forbehandling heime, skal du tidleg på morgonen sette tablettar djupt i skjeden etter at du har tømt urinblæra og dusja. Det blir anbefalt at du tar smertestillande. Du bør ha skyss til og frå sjukehuset.
Faste
Før operasjonen/undersøkinga må du faste. Dersom du ikkje møter fastande, kan det hende vi må avlyse/utsetje timen.
De siste 6 timane før operasjon/undersøking skal du ikkje ete mat eller drikke mjølk/mjølkeprodukt. De siste 2 timane skal du unngå tyggegummi, drops, snus og røyk. Frem til 2 timer før kan du drikke klare væsker: Vatn, saft, juice utan fruktkjøt, brus, te og kaffi utan mjølk. Du kan svelge medisinar med eit lite glas vatn inntil 1 time før, og pusse tenner og skylje munnen når som helst.
Mat og mjølk/mjølkeprodukt: Skal stoppast 6 timer før
Klare væsker, tyggegummi, drops, røyk og snus: Skal stoppast 2 timer før
Dersom du likevel har ete eller drukke utanom de tidene som står her må personalet få vite det. Før enkelte inngrep skal du drikke ein bestemt mengde næringsdrikk. Strengare regler kan vere naudsynt for nokon. Det får du i så fall beskjed om.
Under
Kirurgisk abort blir gjord i narkose. Etter inngrepet får du smertestillande ved behov. Før du reiser heim må du ete og tisse som vanleg.
Etter
Du bør ha ein person saman med deg den første dagen heime.
Menstruasjonsliknande bløding er vanleg den første veka. Mindre blødingar eller brunleg utflod er normalt dei neste 2–3 vekene. Vi anbefaler at du bruker bind og unngår å bruke tampong i denne perioden. Unngå samleie og bading så lenge du framleis blør.
Menstruasjonen kjem vanlegvis tilbake 4–6 veker etter aborten. Den første menstruasjonen kan vere kraftigare og meir langvarig enn du er vand med. Du kan starte med hormonell prevensjon rett etter aborten. Prevensjonsimplantat (spiral eller p-stav) kan settast inn under inngrepet på operasjonsstua. Spiral kan også settast inn etter 4 veker hos eigen lege. Elles kan du trene og vere i aktivitet som vanleg.
Etterkontroll
4 veker etter aborten skal du ta ein graviditetstest.
Ver merksam
Ta kontakt med fastlege eller sjukehuset dersom du:
- har positiv graviditetstest etter 4 veker
- får smerter og kraftig bløding med klumpar i meir enn 2 veker
- får bløding som varer i meir enn 4 veker
- har feber (over 38 grader)
- ikkje har fått menstruasjonen tilbake etter 6 veker
Intakt graviditet etter abort vil hende hos 1–2 kvinner av 1000 som får behandling. Dette talet er likt for både medikamentell og kirurgisk abort, det er derfor viktig at du tar graviditetstest 4 veker etter gjennomført abort.