Måltid
Frukost: 08:00 – 08:30
Lunsj: 11:30 – 12:00
Middag: 15:30 – 16:00
Kvelds: 20:00 – 20:30
Som hovudregel har vi fellesmåltid på stova, og det vil alltid vere ein vaksen som sitt ved bordet. Det blir avtalt individuelt om du har andre behov. Maten vi serverer kjem frå hovud-kjøkkenet vårt. Vi har dessverre ikkje moglegheit til å oppbevare privat mat i kjøleskapet vårt.
Bagasjegjennomgang
Vi har rutinemessig gjennomgang av bagasje ved innkomst og etter permisjonar. Om du motset deg dette, kan du ikkje ha bagasjen din på rommet ditt. Vi ønskjer at du er til stades når vi går gjennom bagasjen din.
Pasientrom
Pasientrommet skal vere ein stad kordu kan trekkje deg tilbake og ikkje bli forstyrra av andre pasientar. Besøk av medpasientar på pasientrommet er ikkje lov, men du kan nytte fellesarealet om du vil vere sosial.
Besøk
Du har moglegheit til å ha besøk av familie og nære vener når du er innlagd. Her er ikkje faste besøkstider, men du kan gjere avtale saman med dei som jobbar her, og ein avtaler også då kvar på posten besøket kan gjennomførast.
Mobiltelefon
Du kan ha med deg mobiltelefonen din hit. Denne kan brukast på pasientrommet, men ikkje i fellesarealet. For at du skal få mest mogleg kvile og søvn, vil vi at du leverer inn mobiltelefonen din til personalet når du skal leggje deg. Vi oppmodar også til redusert bruk av mobiltelefon og pc/nettbrett under innlegging, slik at du betre kan nyttiggjere deg det miljøterapeutiske tilbodet vi gir. Det er ikkje tillat at du tek bilete, video eller lydopptak av andre.
Røyking
Ålesund sjukehus er røykfritt. Her er lov å røykje på tilviste plassar, men sidan du er under 18 år må du ha løyve frå foreldra dine. Dette gjeld også ved bruk av snus. Sigarettar og lighter/fyrstikker blir oppbevarte av dei som jobbar her, og du får det utlevert når du skal røykje. Siste røyken må takast før klokka 21:30. Det er ikkje tillate med e-sigarettar/vape når du er innlagd.
Rusmiddel
Det er ikkje tillate å ta med eller bruke rusmiddel under opphaldet. Vi tilrår heller ikkje inntak av energidrikk av helsegrunnar.
Utskriving
Utskriving skjer i all hovudsak på dagtid etter vurdering av faste behandlarar i vekedagar/bakvakt på helg